Før kamp: Rene Skovdahl
Før kamp: Rene Skovdahl

Før kamp: Rene Skovdahl


​​Det er ein time igjen til kampstart på Høddvoll, og vi har tatt ein prat med vår danske trener, Rene Skovdahl.

Dagens motstandar er kjent og kjær for alle på Sunnmøre. Tidligare cupmeister og divisjonskollega Hødd er både vertskap og motstandar. I høve kampen, har vi tatt ein prat med Rene Skovdahl om dagens kamp, og vegen vidare.

Korleis blir inngang til kampen mot Hødd?

- Vi går inn til kampen som om det er ein treningskamp. Her skal mange få speletid og vi går inn til oppgjeret med dei intensjonane at vi skal fortsette å spele på det ein har trent på.

Om laget leiar med eitt eller to mål vil ein ikkje sjå eit Brattvåglag som vikar fra arbeidsoppgåvene. Her skal det jobbast med det ein trenar på, og ikkje dei tre poenga som ein ikkje kan vinne.

- I seriespelet kan ein vinne tre poeng, det kan ein ikkje i ein treningskamp. Vi går til kvar kamp for å vinne, men vi skal ikkje gå på kompromi og spele mot våre eigne prinsipp om det er ei leiing på slutten av kampen.

Tru mot arbeidet

Til no har Brattvåg vore ubeseira gjennom vinterens treningskampar, og har ein flytsone. Det er noko trenar Skovdahl ikkje heng seg så mykje opp i.

- Eg heng meg ikkje opp i resultata eller om det er ei flytsone. Resultata er eit resultat av at vi har vært tru mot arbeidet vi har gjort på trening. Vi skal fortsette å arbeide med det høge presset og bli betre med det låge, og ikkje minst det å spele med tempo. Vi må fortsette å forbetre oss på tempo i oppspelsfasen, og når vi kjem på siste tredjedel, forklarar Skovdahl.

I vinter har ein del spelera forsvunne frå klubben, og nye komme til. Det gjer at ein må bruke litt ekstra tid på å bli kjend med spelertroppen, noko Rene byrjar å bli.

- Gjennom vinteren har eg fått ein del svar på spelerane, og blir stadig bedre kjend med dei. Eg har blitt til tide overraska over enkelte spelera sine prestasjonar, noko som er svært gledeleg. Eg er òg klar over at spelerane kjem til å variere i prestasjonane, det er ein lang sesong. Dog forventar eg at vi kjem til å prestere stabilt, at vi kjem til å bygge eit solid fundament og trenar hardt med våre prinsipp.

Er du nysgjerrig på dei nye signeringane Kristian Halvorsen og Simen Hagbø, då skal du ikkje fortvile. På spørsmål om Brattvågpublikumet vil sjå dei to mot Hødd, er svaret tydeleg med to strekar under.

Ja, det vil Brattvågpublikumet få sjå!

Les òg vår fyrste artikkel i artikkelserien "Dei Nye her!

Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Påmelding til Telenor Xtra FFO
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Tine Fotballskule
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro