Dei Nye: Alexander Jonassen
Dei Nye: Alexander Jonassen

Dei Nye: Alexander Jonassen


I ein eigen artikkelserie skal vi presentere dei nye spelerane i stallen, og fyrst ut er ein romsdaling med ambisjonar.

Fyrst ut er ein av våre fyrste signeringa i vinter, og passande nok den fyrste i vår eigen spalte «Dei Nye». Alexander Andal Jonassen er navnet, kjent som Alex, og han har nok fleire av Brattvågtilhengerane bete seg merke i. Med scoringsteft har han blitt nemnt av lokalaviser og fleire har kviskra om målscoraren frå Åndalsnes. Den venstrebeinte høgrekanten kom frå Træff før denne sesongen, men det var på Åndalsnes det heile starta, i eit trygt miljø.

- Eg hadde ei veldig fin oppvekst på Åndalsnes. Eg har ein stor familie og eit veldig godt forhold til alle. Eg vil trekke fram mi kjære mor og Sindrepappa som har gitt meg stønad i tjukt og tynt med ikkje berre økonomi, men med alt dei har gjort for framdrifta mi og all tid dei har brukt på å køyre meg og fiksa utstyr. Hadde ikkje klart meg utan dei! Eg har også dratt med meg vidare mine gode vennar frå Åndalsnes som eg gjekk i klasse og spelte fotball med.

Nettopp fotballen har alltid vore med Alex. Frå han tok sine fyrste steg, tok han sine fyrste spark på ein fotball. Sidan den gong har fleire barnebursdagar vore prega av fotballtema og fotballsko har vert dresskode. Det har kanskje då ikkje tilfeldig at Alex fann vegen gjennom fotballen.

- Eg elska å spele fotball, og fann tidleg ut av dette var noko eg ville bruke min tid, og satse på, fortel Alex Jonassen.


Oppdaga som 15-åring

Han byrja i moderklubben Åndalsnes IF, kor han fekk god vegleiing av dyktige og gode trenarar opp gjennom systemet før han til slutt ende opp på A-laget som 15-åring og fekk ein sesong med seniorlaget før storlaget frå Romsdalen viste si interesse for ungguten.

- Molde FK viste interesse og det blei raskt aktuelt å flytte til Molde for å gå på Toppidrett og melde overgang til Molde. Eg utvikla meg raskt og mykje under trenaren Trond Strande. Han er ein eg vil trekkje fram som ein veldig viktig og flink trener for meg. Eg scora mykje mål og fekk kjensla av å bli satsa på.

Alex legg vidare skulda på seg sjølv for at han ikkje greidde å komme gjennom nålauge i Molde. Han meina at han ikkje var flink nok til å ta vare på egne sjansar og blei diverre ikkje god nok for A-laget når han var ferdig som junior i Molde. Då ferda han vidare inn til Moldeklubben Træff.

- Eg tok turen til Træff og kom under vingane til trener Magnus Oltedal. Han var særs flink til å motivere meg, noko som gjorde at eg prestere godt, og fekk fleire gode sesongar med Træff. Det resulterte i at blant anna Brattvåg fekk meg på radaren, fortel Alex.

Kvifor Brattvåg?

Når Brattvåg kom på bana var det fleire aspekt som gjorde at han valde vekk bylivet for storbygda Brattvåg. Det var særs eit namn som gjorde at storscoraren valde dei gulkledde.

- Valet ble enkelt da eg fekk vete at Rene Skovdahl skulle bli hovudtrenar. Han er ein veldig flink og erfaren trener med store ambisjonar for klubben. I tillegg har han også med seg Thomas Pedersen som er veldig dedikert og fotballsmart, skryter han.

At det er nære heimplassen var heller ikkje ei ulempe, og trua på at han vil utvikle seg mykje og ta det neste steget som fotballspeler. At klubben kunne gi han moglegheita til å satse på fotballen, og vere ein del av det spennande juniorlaget Brattvåg/Norborg/Harøy (BNH) var òg ein påverknad. Ambisjonane for seg sjølv og klubben er også til stades.

OBOS

- For meg sjølv og Brattvåg trur eg at det kjem til å bli ein god sesong i år. Vi har ein veldig god kompisgjeng som kjem på trening og vil bli betre. Vi er audmjuke og alle er villige til å jobbe hardt for kvarandre.

Ei står ambisjonane på sikt tilbake, her skal ein til topps.

- På sikt vil eg seie at ambisjonane må vere å rykke opp i OBOS-ligaen. Det er ein veldig profesjonell klubb som lokkar til seg gode fotballspelarar og trenera, så eg trur vi har det som skal til!

Han rundar av med at publikum skal sjå opp for underhaldande og direkte fotball med god presspel, og mykje dyktige ballspelarar. Det vil vere eit lag som kjem til å springe mykje, og vil mykje. Har trekk òg fram ein speler som kan bli ein viktig brikke og matchvinnar for Brattvåg i år, og han skal stenge buret.

- Aleksandar Stakonvic!

Lag Invest
Kongsberg Maritime
NMK
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Tafjord
Vard
Påmelding til Telenor Xtra FFO
Hatlehols
Tine Fotballskule
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro