Lov for Brattvåg Idrettslag
Skipa 7. oktober 1940

Vedteken den 30.11.1992 av årsmøtet i Brattvåg Idrettslag. Godkjent av Idrettssyret den 2.3.1993 med merknader. Endeleg vedteken av årsmøtet i Brattvåg Idrettslag 29.11.1993.

§1 FØREMÅL
§2 ORGANISATORISK TILKNYTNING
§3 MEDLEMER
§4 KVEN HAR RØYSTERETT OG KVEN KAN VELJAST
§5 KONTINGENT
§6 GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE
§7 HABILITET
§8 STRAFFESAKER
§9 ÅRSMØTE
§10 LEIING AV ÅRSMØTET
§11 RØYSTEGIVING PÅ ÅRSMØTET
§12 ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER
§13 OMFRAMT ÅRSMØTE
§14 STYRET
§15 GRUPPE/AVDELINGAR
§16 LOVENDRING
§17 OPPLØYSING

§1 FØREMÅL
Laget har til føremål ved samarbeid og kameratskap å fremje idrett i sunne former. Laget skal drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund (NIF). Laget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemer.


§2 ORGANISATORISK TILKNYTNING
Laget er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Møre og Romsdal Idrettskrets. Laget er medlem av dei særforbund som årsmøtet gjer vedtak om. Laget har sitt sete i Haram kommune og er medlem av kontaktutvalet for idrett i kommunen.


§3 MEDLEMER
Alle som lovar å rette seg etter laget sine lover og lovene til overordna idrettsorgan, kan bli medlem. Alle som er medlemer plikter å følgje lovene til Norges Idrettsforbund og dei lover og føresegner som gjeld nor NIF sine organisasjonsledd og for laget. Ein søkjar kan ikkje bli medlem utan at dei økonomiske pliktene overfor andre lag og organisasjonsledd i NIF er gjort opp. Medlemskap i laget gjeld frå den dagen første kontingent er betalt.


§4 KVEN HAR RØYSTERETT OG KVEN KAN VELJAST
For å ha røysterett på laget sine møte må ein medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst ein månad og ikkje skulde laget kontingent. Alle medlemer som har røysterett og som ikkje er arbeidstakarar i laget, kan veljast til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon.


§5 KONTINGENT
Kontingenten skal fastsetjast av årsmøtet og betalast forskotsvis. Medlemar som skulder kontingent for meir enn eitt år, mister rettane sine og styret kan stryke dei som medlemer av laget. Ein medlem som vart stroken, kan ikkje takast inn att før skuldig kontingent er betalt.


§6 GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE
Tillitsvalde kan ta i mot rimeleg honorar for arbeidet sitt, samt refusjon for faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsfortjeneste. Utgifter til slike godtgjersler og refusjonar skal gå fram av laget sitt budsjett og rekneskap.


§7 HABILITET
For laget sine tillitsvalde, personar oppnemde til verv og tilsette gjeld NIF sine habilitetsreglar, jfr. NIF si lov §2-7.

§8 STRAFFESAKER
For alle straffesaker gjeld NIF si lov kap. 11 (NIF sine straffebestemmelser).


§9 ÅRSMØTE
Laget sitt høgaste styringsorgan er årsmøtet, som skal haldast kvart år i november månad.

Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand direkte til medlemene eller ved kunngjering i pressa. Framlegg som skal behandlast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast tre veker før årsmøtet.

Medlemene skal ha tilgjenge til fullstendig sakliste seinast ein veke før årsmøtet. Alle medlemer i laget har adgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades.

Årsmøtet er vedtaksført med det tal røysteføre medlemer som møter. Ingen har meir enn ei røyst og røystegiving kan ikkje skje ved fullmakt.

På årsmøtet kan ikkje handsamast framlegg om lovendring som ikkje er ført opp på saklista seinast ein veke før årsmøtet. Andre sakar kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slikt vedtak kan gjerast berre i høve godkjenning av saklista.


§10 LEIING AV ÅRSMØTET
Årsmøtet vert leia av valt dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget.

§11 RØYSTEGIVING PÅ ÅRSMØTET
Med mindre noko anna er fastlagt skal eit vedtak for å vere gyldig vere gjort med vanleg fleirtal av dei leverte røystene. Blanke røystesetlar vert rekna som ikkje avgitte.

Alle val skal vere skriftlege, dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg. Berre føreslegne kandidatar kan førast opp på røystesetelen. Skal fleire veljast ved same røysting, må røystesetelen innehalde det tal ulike kandidatar som skal veljast ved vedkomande avrøysting. Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, eller anna tal kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje og røystene vert ikkje rekna som avgitte.

Når eit val vert halde enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvpartenav dei leverte røystene, skal det vere bunde omval mellom dei to kandidatane som har fått flest røyster. Står kandidatane likt etter omvalet, vert valet avgjort ved loddtrekking.

Når fleire skal veljast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei leverte røystene for å vere valde. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar. Om ikkje mange nok kandidatar får dette i første omgong, er berre dei valde som har fått meir enn halvparten av røystene. Det vert så bunde omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei valde som får flest røyster. Står nokon likt etter omvalet, vert dette avgjort ved loddtrekking.

§12 ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER

Årsmøtet skal:

  1. Behandle laget si årsmelding, herunder grupper og nemnder sine årsmeldingar.
  2. Behandle laget sitt reviderte rekneskap, herunder gruppene sine rekneskap i revidert stand.
  3. Behandle innkomne framlegg.
  4. Fastsetje kontingent.
  5. Vedta laget sitt budsjett, herunder gruppene sine budsjett.
  6. Vedta eller eventuelt endre laget sin organisasjonsplan.
  7. Val av
    1. leiar og nestleiar for eitt år
    2. tre medlemer til arbeidsutvalet for to år, slik at skiftesvis ein og to står på val kvart år, første gongen etter loddtrekking. Arbeidsutvalet vel seg i mellom sekretær og kasserar
    3. to varamedlemer for eitt år
    4. to revisorar
    5. medlemer til faste nemnder og utval i samsvar med organisasjonsplan
    6. representantar til ting og møte i dei organisasjonar laget er tilslutta
    7. valnemnd med ein representant frå kvar gruppe
  8. Godkjenne dei valde gruppestyra.

§12 ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER

Årsmøtet skal:

  1. Behandle laget si årsmelding, herunder grupper og nemnder sine årsmeldingar.
  2. Behandle laget sitt reviderte rekneskap, herunder gruppene sine rekneskap i revidert stand.
  3. Behandle innkomne framlegg.
  4. Fastsetje kontingent.
  5. Vedta laget sitt budsjett, herunder gruppene sine budsjett.
  6. Vedta eller eventuelt endre laget sin organisasjonsplan.
  7. Val av
    1. leiar og nestleiar for eitt år
    2. tre medlemer til arbeidsutvalet for to år, slik at skiftesvis ein og to står på val kvart år, første gongen etter loddtrekking. Arbeidsutvalet vel seg i mellom sekretær og kasserar
    3. to varamedlemer for eitt år
    4. to revisorar
    5. medlemer til faste nemnder og utval i samsvar med organisasjonsplan
    6. representantar til ting og møte i dei organisasjonar laget er tilslutta
    7. valnemnd med ein representant frå kvar gruppe
  8. Godkjenne dei valde gruppestyra.

§15 GRUPPE/AVDELINGAR
Laget kan organiserast med grupper og/eller avdelingar. Laget sitt årsmøte tar avgjerd om oppretting og nedlegging av grupper/avdelingar, og om korleis desse skal organiserast.

Gruppestyre

  1. Kvar gruppe skal leiast av eit styre på minst tre medlemer: leiar, sekretær og kasserar. Gruppestyret skal veljast av gruppa sitt årsmøte og skal godkjennast av laget sitt årsmøte. Før årsmøte i gruppa, som skal haldast før laget sitt årsmøte, gjeld føresegnene i §§9-13 så langt dei passar. Gruppa sin leiar er medlem av laget sitt styre, med ein anna medlem av gruppestyret som varamedlem.
  2. Gruppestyret er ansvarleg overfør gruppeårsmøtet og laget sitt styre for gruppa sin økonomi. Gruppa sitt årsmøte kan vedta treningsavgift til særføremål innafor gruppa.

For grupper/avdelingar sine økonomiske plikter heftar heile laget, og grupper/avdelingar kan ikkje inngå avtalar eller representere laget utover utan styret si godkjenning.


§16 LOVENDRING
Endringar i denne lov kan berre gjerast på vanleg eller omframt årsmøte, etter å ha vore ført opp på saklista, og krev to tredels fleirtal av dei leverte røystene. Lovendringane må sendast Idrettsstyret for godkjenning, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende.

§17 kan ikkje endrast.

§17 OPPLØYSING
Oppløysing av laget kan berre behandlast på årsmøtet. Vert oppløysing vedteke med minst to tredels fleirtal, skal omframt årsmøte haldast tre månader seinare. For at laget skal bli oppløyst, må vedtaket her gjerast oppatt med to tredels fleirtal.

Samanslåing med andre lag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar i tilknytning til dette, skal gjerast i samsvar med reglane om lovendring jfr. §16.

I fall oppløysing eller annan nedlegging av laget, skal laget si eige førast over til Norges Idrettsforbund eller føremål godkjend av styret i Møre og Romsdal Idrettskrets.

I fall oppløysing skal laget sitt arkiv sendast til Møre og Romsdal Idrettskrets.

Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Telenor Xtra FFO
Fotball Speciale
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
BMS
Samfjordkvartalet
Kjøp Idrettsglede, boka om Brattvåg IL
Umbro
Norsk Tipping