Om klubben

Den 7. oktober 1940 vart Brattvåg IL stifta med eit sterkt ønskje om å ha ein idrettsplass der ein kunne kome saman for å drive med ulike idrettsaktivitetar, Frå første stund var det arbeidd målretta for å ha ein allsidig idrettsaktivitet i klubben - både vinter og sommar.

Den første store milepælen i klubben si historie var då fotballbana i Synnalandsdalen vart godkjent av Sunnmøre Fotballkrets, og Brattvåg frå hausten 1950 endeleg fekk vere med å spele seriekampar.

På dei 75 åra som har gått sidan starten har klubben utvikla seg til ei middels stor bedrift med ei omsetning på over fem millionar kroner. Klubben har nærare 800 medlemmar der fotballen, med 21 lag, er sjølve berebjelken. Det er investert i anlegg for over 25 millionar kroner, og i tillegg har klubben tilsett to personar i heiltidsstillingar. Snakk om utvikling!

Det som går igjen som ein raud tråd gjennom heile historia til Brattvåg IL er det store engasjementet for å utvikle og skape noko i fellesskap med andre. Idrettslaget har betydd særs mykje for mange, og det er vel knappast ein familie i bygda som ikkje på ein eller anna måte har vore involvert i Brattvåg IL - anten gjennom verv, som utøvar, eller har vore i nær slekt med ein utøvar.

Mange enkeltpersonar - med eit bankande hjarte for klubben - har lagt ned ein stor innsats på ulike plan i Brattvåg IL. Takka vere desse har klubben kome dit han er i dag.

Kontaktpersonar

Navn Rolle Telefonnummer Epost
Olav Andre Austbø Klubbadministrator 98883805 oaustbo@yahoo.no
Jørgen Havnsund Styreleiar arbeidsutval 90078435 havnsund@hotmail.com
Stig Hurlen Styreleiar fotball 90535955 stig.hurlen@morenot.no
Håkon Sæterøy Styreleiar breidde 95067318 setera@hotmail.com
Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Telenor Xtra FFO
Fotball Speciale
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
BMS
Samfjordkvartalet
Kjøp Idrettsglede, boka om Brattvåg IL
Umbro
Norsk Tipping