Tine Fotballskule
Tine Fotballskule

Tine Fotballskule

Kvar sommar arrangerer vi fotballskule for born og ungdom mellom 7 - 14 år.

Det blir fotballskule også i 2017, så sett av veke 26, 26 - 30 juni!

Påmeldingsfrist er torsdag 15. juni.

Ei kjekk og lærerik veke for born og ungdom mellom 7 - 14 år. (f. 2010 - f. 2003) Fotballskulen er eit glimrande aktivitetstilbod heilt i starten av sommarferien, då mange foreldre framleis er på jobb.

Som i 2016 melder du deg på via heimesida og denne lenka http://www.brattvag-il.no/pamelding/tine

I løpet av denne veka vil ein betre sine fotballferdigheter, kondisjon og samtidig ha det kjekt i lag med gode vener!

Fotballskulen varer frå klokka 09.00 - 14.30, men leiarane er på stadion frå kl. 08.30 - 16.00.

Deltakaravgifta er sett til 1000 kroner og betalast inn til konto 4005.20.50954. Betaling må vere i orden før fotballskulen startar opp.

Merk betalinga med namn på spelar og "fotballskule 2017".

Vi har plass til maks 120 deltakarar, så her er det førstemann til mølla!

Alle som er medlem i FFO frå 01.04.2017 og ut juni får delta på Tine Fotballskule til halv pris.


Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Telenor Xtra FFO
Fotball Speciale
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
BMS
Samfjordkvartalet
Kjøp Idrettsglede, boka om Brattvåg IL
Umbro
Norsk Tipping