Historisk gåve til Brattvåg idrettslag
Historisk gåve til Brattvåg idrettslag

Historisk gåve til Brattvåg idrettslag


​Brattvåg idrettslag har den glede og ære å melde om ei historisk gåve til klubben: Eit økonomisk tilskot som set oss i stand til å ta opp att arbeidet med å byggje nytt klubbhus. Gjevar er Lapas, eit lokalt investeringsselskap som er eigd av Langøy-familien med Leif Arne Langøy som dagleg leiar. Vi er sjølvsagt svært glade og takknemlege for denne storslåtte gåva.

For eit par år sidan parkerte vi arbeidet med nytt klubbhus fordi vi hadde alt for liten eigenkapital. Ein betydeleg kostnadsvekst gjorde at realisering av prosjektet ville vere avhengig av nye låneopptak. Dette vurderte leiinga som uansvarleg. Lånegjelda var i utgangspunktet på smertegrensa etter store investeringar i speleflater og hall.

Storleiken i gåva frå Lapas er litt for tidleg å spesifisere i eit bestemt tal. Men når utgangspunktet er at vi skal klare dette utan vidare låneopptak, er det snakk om fleire millionar kroner. Og klubben har full tillit til gjevar.

Brattvåg idrettslag vil så snart som mogleg sette ned ei byggenemnd som skal starte det viktige arbeidet for klubben. Nemnda må gjere ein ny analyse av klubben sine behov og oppdatere romprogram. Kor mykje av tidlegare teikningar og planar som kan brukast videre er førebels uklart. Vi treng nye estimat av kostnader og vil arbeide fram ein komplett og oversikteleg finansieringsplan. Målet er å ha eit prosjekt klart til hausten, slik at vi får inn ein søknad om spelemidlar innan fristen i denne runden.

Tidslinje for prosjektet er litt for tidleg å legge fram no, men det er klart at vi vonar på ei rask realisering. Dette kan verte mogleg fordi vi denne gongen slepp å vente på vår tur på spelemidlar. Ein del av «pakken» frå Lapas hjelper oss å handtere eit mellombels lån medan vi ventar på spelemidlane. Elles reknar vi med kommunal deltaking på vanleg måte i Haram kommune.

Vi er klar over at mange i bygda ser og set pris på arbeidet som vert gjort i Brattvåg idrettslag. Både i topp og breidde, blant barn og vaksne.Men likevel: Vi er overvelda og takknemlege for denne fantastiske gåva!

Arne Vågnes,

Leiar BIL


Biletet syner ei skisse av fasaden på klubbhuset frå sist BIL arbeidde med prosjektet.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos