Frank Dalhaug spelarutviklar i bredde
Frank Dalhaug spelarutviklar i bredde

Frank Dalhaug spelarutviklar i bredde


Brattvåg IL bredde har fått inn Frank Dalhaug i rollen som spelarutviklar.

Frank, som tidligere har vore trenar i klubben på barne-, ungdoms- og seniornivå, skal no ta fatt på litt andre oppgåver. Han skal blant annet følge opp treningskvardagen til spelarane som BIL, og samarbeidsklubbane våre IL Norborg og IL Ravn, har inne på bylag og kretslag i Landslagsskulen. I tillegg vil han ha det sportslege ansvaret for eit ekstratiltak som klubben planlegger å komme i gang med før påske, i regi av det nyoppstarta SunnmørsAkademiet.

Frank sjølv gleder seg til å komme i gang:

- Veldig spanande. Ei stor moglegheit til å vere med på å skape økt aktivitet blant våre mange flinke spelarar i samarbeidsklubbane. Samtidig får eg moglegheit til å jobbe ein til ein med enkeltspelarar som har kommet seg inn på by- og kretslag i Landslagsskulen. Eg går inn i denne stillinga audmjuk og lærevillig, og gleder meg verkeleg. Sjåast på feltet!

Sportsleg leiar i Brattvåg IL bredde, Fredrik Olai Langlo har følgende kommentar:

- Med Frank på plass som spelarutviklar, saman med dei nyleg ansatte trenerveilederne, er Brattvåg IL i lag med IL Ravn og IL Norborg, svært godt skodd for å kunne ta store sportslege skritt i åra som kjem. Vi gleder oss stort til å komme ordentlig i gang i månedene som kjem.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos