Trenarduo klar for juniorlaget.
Trenarduo klar for juniorlaget.

Trenarduo klar for juniorlaget.


Det er med stor glede at vi kan presentere trenarduoen for samarbeidslaget G19.

Brattvåg er særs glade for at Anis Pajevic og Marius Rogne har signert trenaravtalar med samarbeidslaget. Dette er to ambisiøse trenarar som over fleire år har vist stort potensiale og engasjement. Med to slike kapasitetar er vi trygge op at juniorgruppa er svært godt ivareteke i ein spanande sesong.

Med dei to på plass så har vi linken til G16 også som Anis var trenar for i 2019 og med Marius sin kjennskap til Norborgmiljøet etter fleire år som spelar for Norborg sitt herrelag så trur vi samarbeidet mellom klubbane og laga vil bli enda betre i året som kjem.

Laget som er eit samansatt lag av Brattvåg/Norborg/Harøy skal også i 2020 spele kampane sine fordelt på Uggedalen og Brattvåg Stadion. Treningane vil også bli fordelt mellom dei to banene, slik det har vore dei siste åra no. Gruppa har fått dette til å fungere utmerket og vi ser fram til forsettinga.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos