​OLA BLIR MED VIDARE
​OLA BLIR MED VIDARE

​OLA BLIR MED VIDARE


Midtbaneanker Ola Ormset Husby signerte fredag kontrakt som binder han til klubben også i 2021. Ola føler seg sikker på at det blir eit år med suksess!

Ola Husby har etter tre og eit halvt år i Brattvåg blitt ein kjent person i bygda. Alle kjenner Ola. Dette kombinert med gode kvalitetar på bana har bidrege til at Ola har blitt ein populær kar i miljøet i og rundt Brattvåg Fotball. Difor var det også mange som vart glade då det fredag blei kjent at Ola har signert kontrakt også for 2021.

Ola sleit ut sine første fotballsko på Ekkilsøya på Averøya. Som lovande 16-åring gjekk turen til Molde. Der blei Ola sett på som ein svært lovande spelar. Han trena mykje med a-laget og fekk også sju kampar på G18-landslaget. I 2017 vart det utlån til Levanger under vårsesongen. Der fekk Ola debut i Obos-ligaen som 19-åring. Sommaren 2017 kom Ola til Brattvåg.

-Brattvåg sitt år

Ola sin første haust i Brattvåg blei ein suksess. Laget rykte opp frå 3. divisjon med Ola som fast på midtbana. Sidan har Ola stort sett spela fast som anker på Brattvåg si midtbane og totalt har det blitt 81 serie- og cupkampar på 23-åringen. At han no signerer eit nytt år viser at han har trua på vidare utvikling i klubben: - Brattvåg som klubb betyr mykje for meg. Og eg har blitt veldig glad i folk rundt klubben, både frivillige og supportarar. Eg gler meg til 2021. Det blir Brattvåg sitt år, seier Ola etter å ha signert kontrakta.

Vi satsar på at Ola får rett og ser fram til nyestunder med Ola på laget.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos