Kan vi utsetje opprykksfesten?
Kan vi utsetje opprykksfesten?

​Fredrikstad – Brattvåg søndag klokka 14:00


Laurdag reiser våre gutar til Østlandet for å førebu seg på årets tøfftaste kamp. Med siger vil Fredrikstad vere klare for opprykk med fire kampar att å spele. Vi ønskjer å utsetje feiringa ei veke…

Det er berre tre veker sidan Fredrikstad var i Brattvåg og vann etter eit omdiskutert straffespark på overtid. Med den sigeren sikra FFK seg sin 13. strake siger på veg mot opprykket. Sidan den gong har gamle Østfold si stolheit tapt mot Hødd og vunne mot Tromsdalen. Det gjer at laget er ein siger frå opprykk. Kun Skeid kan ta dei igjen, men må vinne alle sine kampar. Om dei avgir poeng mot Kvik laurdag vil FFK vere vinnarar allereie før vi går på bana søndag.

Mange tilbake

Vi reiser nedover med ein sterk tropp. Niklas Rekdal og Harmohan Singh er tilbake etter skade og endeleg klare etter to månader ute. Vemund Hole Vik er tilbake frå USA grunna utfordringane der borte med korona. Han har trena godt heile tida og er med i troppen nedover. Det same er Agwa Obiech. Midsundingen som meldte overgong frå Moss i vindauget er klar for sin debut i Brattvåg-trøya. Dette gjer at trenarteamet har mange å velje blant når eit lag skal takast ut.

Simon Tomren er framleis ikkje klar etter korsbandskaden for vel eit år sidan. Han trenar saman med dei andre og kan bli klar til dei siste kampane. Marius Refsnes og Fredrik Hurlen er også ute med kneskadar, men er truleg klar neste veke. I tillegg er Robin Shroot framleis ute med brot i fotbladet. Han tok røntgen i veka, men fekk dessverre ikkje positive signal. Det er lite truleg at vi får sjå Robin i aksjon i år.

Solid heimelag

Fredrikstad har også ein svært solid stall å velje blant. Spelararå merke seg er forsvarssjef Mads Nielsen. Den sterke dansken har seks sesongar bak seg i Noreg på godt nivå. Han bør utfordrast langs bakken av våre raske offensive spelarar.

Framover på bana er Henrik Kjelsrud Johansen ein erfaren mann som må passast på. Han scora på ei flott heading mot oss sist og skaffa også straffesparket på overtid på ein måte som Mourinho hadde applaudert for om han var hans trenar. Henrik har ein flott cv og kan skilte med klubbar som Haugesund, Brann, Odd, Lillestrøm og Vålerenga.

Open kamp med mange mål?

Brattvåg og FFK har møtest tre gongar tidlegare. Dette har gitt to sigrar til raudbuksene og ein til oss. Alle kampane har vore tette og blitt vunne med eitt mål. Vi har vunne 3-2, medan FFK har vunne 3-2 og 2-1. Er det då vår tur og vinne 2-1…?

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos