Heimekamp mot Senja
Heimekamp mot Senja

​SØNDAG KLOKKA 13:00


Søndag får vi ein ny gjest på Brattvåg stadion. Heimelaget og Senja har aldri tidlegare møttest til kamp før. Du har med andre ord sjanse til å stifte ein ny bekjentskap på stadion søndag.

Senja er den nest største øya i Noreg og ligg ein to timars køyretur sør for Tromsø. Fotballklubben Senja ligg i tettstaden Silsand. Denne ligg like ved brua til fastlandet som går til Finnsnes. Klubben er for andre sesong i PostNord etter opprykket i 2018.

Sterk bortesiger

I 2019 kom Senja på 11. plass i si avdeling. Dei var ett poeng over streken og berga med andre ord plassen med eit naudskrik. I årets sesong har Senja fått ein brukbar start mot vanskeleg motstand. På heimebane har dei tapt mot både Moss og Kjelsås, medan dei vann sterkt over Tromsdalen på bortebane. Dette viser at laget er kapable til å slå dei fleste i avdelinga på ein god dag.

Spelarar å merke seg er blant anna dei målfarlege spelarane Jonas Frøner og Markus Johnsgård. Frøner scora heile 56 mål på 59 kampar for Sverresborg i 3. divisjon. Dette er svært sterke tal frå spelaren som gjekk via Nardo til Senja.

Klarer vi å følge opp?

Etter ei heller svak serieåpning har våre karar vist styrke dei to siste kampane. Mot VIF 2 spela vi ein flott kamp med godt angrepsspel og ein solid defensiv innsats. Mot Alta var motstanden ein heilt annan, men etter spel og sjansar var gjengen skikkeleg skuffa over kun uavgjort i ein vanskeleg bortekamp.

Klarer karane å følge opp desse gode kampane? Gode prestasjonar fører til forventingar og press. Såleis er karane naturleg favorittar mot Senja. Samstundes skal dei vere så profesjonelle at ei skal kunne handtere dette.

På spelarfronten er Victor ute med karantene etter utvisninga i Alta. Kasper Jensen er tilbake og går nok rett inn i midtforsvaret. Elles har nokre spelarar hatt diverse skader gjennom veka, men vi håper alle er klare for kamp søndag.

Er du klar?

I skrivande stund har vi framleis ledig plass. Dette grunna at fleire av dei med sesongkort er borte. Såleis har du anledning til å få sett god fotball live. Ikkje ei sjølvfølgje det i år…

Vipps til 130418 om du ønskjer billett.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos