​Harmohan Singh blir med vidare!
​Harmohan Singh blir med vidare!

​Harmohan Singh blir med vidare!


Gladsak frå Brattvåg-fotballen; Harmohan Singh har signert ny kontrakt med klubben. Den gjer at den elegante vingen spelar i gult også i 2021.

Den spesielle 2020-sesongen har vore tredelt for «Harry». Han innleia sesongen godt med solid spel i innleiinga. I fjerde serierunde sleit dessverre eit leddband i eit kne. Denne heldt Harmohan ute i over to månader. Dei fire siste kampane var han igjen tilbake og var i same form som tidleg sesongen. Totalt vart det åtte kampar og to mål i årets sesong.

BIL-spelar allereie i 2016

Harmohan Singh er frå Holmlia i Oslo. Som ung spela han for Vålerenga. I 2015 gjekk turen til Lørenskog, før han vart henta til Brattvåg av Per Gidlund i august 2016. Dette året gjorde Brattvåg ein god figur i 2. divisjon, men grunna omlegging av seriesystemet så rykte halvparten av laga ned. Dette gjorde nok også at Singh forlot klubben og gjekk til Fram Larvik etter ni kampar og fire mål i Brattvåg-trøya.

To år i Fram gav 44 kampar og 10 mål for den høgreiste og elegante vingen med det flotte steget. Samstundes var det ein del surr i klubben. Ambisjonane var opprykk, men i periodar hadde klubben problem med å stille lag.

Tilbake i 2019

Etter to år i Fram vart han lokka tilbake til Brattvåg før 2019-sesongen. To år her har gitt ytterlegare 30 kampar på PostNord-nivå. Og gledeleg nok signerte han kontrakt som gir endå fleire kampa for oss.

-Eg har tru på det vi driv med her og eg trivast veldig godt. Eg har tru på at vi skal ta ytterlegare steg neste år, seier han ved signerigna.

Harmohan er også ein som bidreg godt i klubben elles. På FFO er han med og skaper ein god kvardag for 30 born.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos