​ENDRINGAR I TROPPEN
​ENDRINGAR I TROPPEN

​ENDRINGAR I TROPPEN


Overgongsvindauget åpnar ikkje før 8. september, men likevel har vi sikra oss signaturen til tre spelarar. Dette for å styrke ein skadeutsett tropp inn mot svært viktige kampar framover.

Markus Eiane

Til kampen mot Hødd såg våre supportarar at vi hadde ein ny spiss. Markus Eiane er ein jærbu som til dagleg spelar i Molde FK. Han trente med laget ein periode før vi vart einige med Molde om utlån. Dette er første omgong på ein månad, med moglegheiter for forlenging.

Markus er ein høgreist og sterk spiss. Han har vist seg som ein god avsluttar som også likar kombinasjonsspel langs bakken.

Peter Jul Nielsen

Peter har også trena med laget ein lengre periode. Han har vist seg som ein god og anvendeleg forsvarsspelar. Han har 40 kampar på nivå to i Sverige og Danmark og 80 kampar på nivå tre i Danmark. Såleis er det ein rutinert 24-åring som har signert for klubben.

Peter har i utgangspunktet signert ein avtale med klubben ut året.

Robin Shroot

Dei som følgjer norsk fotball tett veit kven Robin Shroot er. Han er ein engelsk angripar som kom Hødd i 2014. Han har også våre innom Viking og Sogndal i tillegg til Nashville i USA sidan det. Han er ein fotballklok spelar med gode avsluttareigenskapar.

Brattvåg og Hødd er einige om ein låneavtale for Robin og den varer ut kontraktperioden hans i november.

Ein ut

Samstundes med at vi har fått inn tre spelarar, har vi takka ein for samarbeidet. Patrick Byskata har reist heim til Finland etter åtte månader i klubben. Patrick starta to av seriekampane våre, men vart sitjande på benken i dei siste. Vi takkar Patrick for jobben han har lagt ned og ønskjer lykke til vidare.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos