​200 TILSKODARAR – SESONGKORT VERT PRIORITERT
​200 TILSKODARAR – SESONGKORT VERT PRIORITERT

​200 TILSKODARAR – SESONGKORT VERT PRIORITERT


I møte med NFF vart det i går kveld bekrefta at PostNord får ha 200 tilskodarar på kampane. Smittevern skal sjølvsagt takast omsyn til og avstanden på ein meter vil framleis gjelde. For Brattvåg vil det bety at alle med sesongkort blir prioritert når det gjeld kven som får kome inn.

Rune Pedersen frå NFF hadde seint mandag møte med alle klubbane i PostNord-ligaen. Der vart det lagt ein del premiss for oppstart av seriespelet. Blant anna bekrefta han at vi får ha 200 tilskodarar til kampane, så lenge desse har ein avstand på ein meter og elles kan følge reglar for smittevern.

For Brattvåg sin del vil vi kunne nytte kvar tredje stol på tribuna og framleis kunne ta i mot 200 tilskodarar. For å sleppe usikkerheit om kven som kjem inn og ikkje så vil det mest praktiske vere å ha solgt 200 sesongkort til første heimekamp. Den er måndag 20. juli klokka 18:00 mot VIF.

Difor vil vi anbefale alle å gå inn og sikre seg sesongkort. Prisane er som følgjer:

Vaksen: 1300,-

Born: 500,-

Familie: 2500,-

Om du er ein vaksen og eit barn, ein vaksen og to barn eller liknande så kan du kontakte klubben for pris.

Betal gjerne på VIPPS nr 130418. Då blir du automatisk registrert og vil få ditt sesongkort.

STØTT KLUBBEN, KJØP SESONGKORT!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos