Brattvåg og Hødd vart i dag einige om ein låneavtale for Hugues "Ygg" Wembangomo. Ygg bor i dag i Ulsteinvik, men flyttar tilbake til Ålesund når han no blir Brattvåg spelar. Ygg har tidligare spelt både stoppar og back, og er ein anvendeleg spelar med mykje rutine og solid erfaring frå sesongar både i Tippeligaen og Obosligaen.
Ygg har landskampar for både G17 og G18 landslaget til Noreg.
Dette gjer at vi no har erstatta dei åtte spelarane som vi ikkje forlenga med etter fjorårets sesong, men sportssjef Per Gidlund vil ikkje seie noko om han no ser seg ferdig med spelarlogistikken.
Vi takker Hødd for godt samarbeid også denne gangen når klubbane i dag vart einige om låneavtalen.