SKUFFANDE TAP I LOKALOPPGJERET
SKUFFANDE TAP I LOKALOPPGJERET

Hødd 2 - 0 Brattvåg


Brattvåg reiste til Ulsteinvik med mål om siger og tre poeng heim. Dessverre viste heimelaget seg som det mest effektive laget og sigra til slutt 2-0.

Første omgang

Brattvåg byrja kampen godt og hadde eit par sjansar tidleg i kampen. Som tidlegare i år viser det seg dessverre vanskeleg å omsette desse i mål. I andre enden hadde Hødd også ein stor sjanse etter ein lang ball og stuss, men vi fekk rydda opp i siste liten.

Effektiv Hjelmeseth

Etter vel eit kvarter kjem heimelaget si første scoring. Ei misforståing fører til at Hødd kjem gjennom på venstre. Innlegget hamnar hos ein umarkert Robin Hjelmeseth som sikkert set inn 1-0.

Vi held fram med å ha ballen mest etter scoringa, men det er Hødd som er mest effektive. Etter 36 minutt er det innlegg fråhøgre. Hjelmeseth er igjen frampå og set sikkert inn 2-0 med pannebrasken. Dessverre er det frykteleg dårleg markering i denne situasjonen.


Andre omgang

Mykje ball, lite sjansar

Etter pause prøver vi å ta endå meir tak i kampen og trykke Hødd bakover. Vi har ballen svært mykje, men klarer ikkje skape store nok sjansar til å gjere det verkeleg farleg framfor Hødd-målet.

Vi sit med følinga av at ei scoring vil kunne skape kaos hos heimelaget, men dessverre så endar det 2-0. Alt i alt ein fortent siger til heimelaget då dei var best i å omsette spel og sjansar i mål.

Eidsvold neste

For vår del vert det no svært viktig å kome seg på hesten igjen til neste kamp mot Eidsvold laurdag. Toget om ein plass i opprykksspelet står på perrongen og vi må bestemme oss om vi skal vere med. Då må vi møte opp til kampen mot Eidsvold, vere mykje meir kyniske i eiga boks og besluttsame i motstandaren si boks. I dei siste kampane har vi sluppe inn «dritmål», medan vi sjølv ikkje omset store sjansar.

Det positive er at vi sidan første omgang i første kamp har vore fullt på høgde med kvar einaste motstandar. Det viser at det bur mykje i laget og ber von om at vi snur trenden snart.

Stadion

Høddvoll


Tilskodarar

200


Tidspunkt

16:00, 29. aug. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Anders Bodding
  • Assistentdommar 1: Haakon Javier Tronstad
  • Assistentdommar 2: Martin Javier Solheim

Mål
  • 1-0, Robin Hjelmeseth (17 min)
  • 2-0, Robin Hjelmeseth (37 min)

Kort
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos