Brattvåg 0 - 0 Florø


Det vart berre nesten for både Brattvåg og Florø i dagens kamp på stadion. Men nesten bergar dessverre ikkje festen. Såleis var det to lag som ikkje var nøgde som gjekk av bana etter 90 minutt.

Første omgang

Vi kom svært godt ut av startblokkene i den viktige kampen mot Florø. Det var tydeleg at gutane gjekk aggressivt ut for åfå ei tidleg scoring. Fleire gode sjansar vart skapt, men vi fekk dessverre ikkje scoringa vi ønskte. Det næraste vi kom var ei annulert scoring av Alexander Jonassen.

Dette gjorde at Florø kom meir med i perioder. Dei fekk også testa Aleksandar Stankovic i vårt mål, men var danske målvakt tok seg greitt av det meste

Andre omgang

Etter ein mållaus første omgang hadde vi tru på at gutane kom på bane og ville trykke Florø bakpå. Dette klarte vi berre periodevis. Gjestane klarte også å presse oss bakpå i perioder, utan at dei skapte dei heilt store sjansane.

Største sjansen i andre omgang hadde Sami Kamel då han vart spela nydeleg gjennom av Emil Dahle. Dessverre gjekk avslutninga rett på målvakt.

0-0 etter spel og sjansar er det ikkje noko å seie på. Dette gjer truleg at vi må vinne minst ein av dei to kampane vi har att i grunnspelet for å få vere med i sluttspelet om opprykk. Dei to kampane er borte mot nummer to på tabellen, Kvik Halden, og heime mot serieleiar Fredrikstad. Ei tøff avslutning, men inga uoverkommeleg oppgåve om gutane får utteljing på sjansane.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

200


Tidspunkt

13:00, 19. sep. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Torgeir Halsen
  • Assistentdommar 1: Even Myrheim
  • Assistentdommar 2: Ole Petter Stenberg

Mål
  • -, ( min)

Kort
  • Ola Husby - Brattvåg (6 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos