Knallsterk siger på grensa – visstnok allsang i Ulsteinvik
Knallsterk siger på grensa – visstnok allsang i Ulsteinvik

Kvik Halden 1 - 2 Brattvåg


Som venta så krevde det topp innsats kombinert med ein god dag om Brattvåg skulle vinne borte mot topplaget Kvik Halden. Dette hadde gutane og det var fullt fortent at alle poenga vart med heim til gamle Haram kommune.

Første omgang

«Brattvåg ga Hødd en hjelpende hånd med sterk borteseier» presterte Sunnmørsposten å servere som overskrift etter vår sterke siger mot topplaget frå Halden. Det seier sitt om fokuset til «Vigra-bibelen». At vi sjølv sikra plass i det ettertrakta opprykksspelet og at vi samtstundes sikra Brattvåg tidenes beste plassering i det norske seriesystemet blir ikkje ofra ei setning.

God første omgang

Vi byrja kampen på ei flott grasbane sterkt. Vi sette heimelaget under press og i gjenvinninga fungerte det høge presset godt. Dette førte blant anna til fleire hjørnespark. Desse vart servert flott frå både Torbjørn Grytten og Sondre Beite. Det var på eit av Beite sine hjørnespark vi fekk første scoringa. Den harde serven vart heada ned i feltet. Der er Ola Ormset Husby på hugget og set sikkert inn 1-0.

Kvik Halden kjem meir med etter scoringa, men det bølgjer fram og tilbake. Ein gong er dei gjennom, men Aleksandar Stankovic vinn duellen og gjer ei god redning.

På tampen av omgangen kombinerer Tattum, Beite og Dahle på høgreside. Nok ein gong er det Beite sin presise venstrefot som serverer eit godt innlegg. Innleigde Markus Eiane kastar seg framfor Kvik sin midtstoppar og doblar leiinga. Ein sterk prestasjon av Markus frå vanskeleg posisjon. Ei viktig scoring på eit viktig tidspunkt rett før pause.

Andre omgang

Heimetrykket kom ikkje

Kvik Halden hadde nok i pausen bestemt seg for å trykke til i andre omgang. Dette klarte ikkje heimelaget å gjere og vi gjekk i staden på bana og styrte kampen. Sterkt av gutane at dei går på bana for å score det tredje i staden for å verte forsiktige og verne om leiinga.

Vi skapar fleire gode sjansar, men maktar ikkje å setje den punkterande 3-0-scoringa. Dette gjer at kampen lever heilt inn. Spesielt når Kvik reduserer til 1-2 med to minutt igjen av ordinær tid.

Dette fører til at det blir fem svært hektiske overtidsminutter. Frå å ha full kontroll så blir det nokre svært nervepirrande minutter der heimelaget får fleire hjørnespark. Heldigvis holder gutane unna.

FFK neste – så opprykksspel

Dei tre poenga førte altså til vi sikra ein plass blant dei sju beste etter at alle lag har spela mot kvarandre. Det betyr at vi får møte alle dei seks andre i toppen ein gong til i sluttspel. Med mange sigrar der vil vi kanskje sørge for at Hødd rykkjer opp… eller kanskje avisa frå vår heimkommune plutseleg finn ut at vi faktisk vinn kampar også for eigen del…

Stadion

Halden Stadion


Tilskodarar

200


Tidspunkt

14:00, 27. sep. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Abdulhadi Al-Fahad
  • Assistentdommar 1: Thomas Skaiaa
  • Assistentdommar 2: Skhodran Dinaj

Mål
  • 0-1, Ola Husby (17 min)
  • 0-2, Markus Eiane (45 min)
  • 1-2, Sullivan Lakhamy (90 min)

Kort
  • Kevin Krans - Kvik Halden (78 min)
  • Kasper Jensen - Brattvåg (90 min)
  • Sullivan Lakhamy - Kvik Halden (90 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos