Festfotball gav 3 poeng
Festfotball gav 3 poeng

Brattvåg 4 - 2 Eidsvoll Turn


​Svært viktig siger mot Eidsvold Turn Etter fire strake kampar utan siger, var det svært viktig for herrelaget og kome tilbake med ein siger mot Eidsvold Turn. Gutane tålte presset, leverte periodevis god fotball og gjekk med siger 4-2 forbi motstandaren på tabellen.

Første omgang

Med deling av tabellen etter 13 serierunder, der topp sju vil spele om opprykk og dei sju svakaste skal spele om å unngå nedrykk, så er kampane framover svært viktige. Difor var det ikkje ideelt for Brattvåg å ikkje vinne på fire kampar før Eidsvold Turn kom på besøk laurdag.

Det var tydeleg alt frå avspark at gutane hadde bestemt seg for å snu trenden. Etter tre minutt hadde heimelaget gode sjansar til å ta leiinga. Dette held fram utover i omgangen og gjestane har tydeleg problem med Brattvåg sitt høge press. Etter ein halvtime lukkast det høge presset til fulle. Sami Kamel pressar fram feil hos keeper og vinn ballen frå han. Keeper feller Sami, men han kjem seg på beina og set inn 1-0 i tomt mål.

Dessverre held ikkje leiinga lenge. To minutt etter så er Eidsvold frampå i feltet og blir meid over ende. Soleklart straffespark som endar med scoring og pauseresultatet 1-1. Heimepublikum sat kanskje med kjensle av å ha sett denne kampen tidlegare i år… Både mot Moss og Kjelsås vart gode sjansar skapt utan at einfekk scoring.


Andre omgang

Heldivis var utteljinga betre i andre omgang. Alexander Jonassen, som brente ein stor ein i første omgang, får ei nyyyydeleg pasning frå Ola Husby. Åleine med gjestane si målvakt set han sikkert inn 2-1.

Og når han først scorar så løsnar det for Alex. Ikkje lenge etter er Sondre Beite på farta igjen. Han blir spela nesten heilt åleine med keeper. Han chippar elegant over keeper og Alex forlenger ballen i mål med hovudet til 3-1.

Etter denne scoringa har Brattvåg på seg danseskoa. 4-1-scoringa til Sondre Beite er av høg klasse. Seks spelarar er involvert med pasningarog bevegesle og det endar med at Messi ifrå Skodje chippar inn sitt femte mål for sesongen. Ei deilig scoring.

Ikkje lenge etter set Eidsvold inn sluttresultatet til 4-2. Ein fortent siger til Brattvåg, som endeleg fekk utteljing på sjansane igjen.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

200


Tidspunkt

16:30, 5. sep. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Mathias Smehus Kringstad
  • Assistentdommar 1: Martin Javier Solheim
  • Assistentdommar 2: Kristoffer Nevstad

Mål
  • 1-0, Sami Kamel (38 min)
  • 1-1, Herman Jappee Henriksen (40 min)
  • 2-1, Alexander Andal Jonassen (50 min)
  • 3-1, Alexander Andal Jonassen (64 min)
  • 4-1, Sondre Beite (71 min)
  • 4-2, Ingolfur Ørn Kristjansson (75 min)

Kort
  • Ola Husby - Brattvåg (40 min)
  • Markus Furseth - Eidsvoll TF (66 min)
  • Kasper Stagholt Jensen - Brattvåg (74 min)
  • Kristoffer Trandum Nordlie - Eidsvoll TF (90 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos