Dommarane klare for sesongen

Etter ein lang vinter, er det snart klart for seriespel igjen. Alle klubbensdommarar har vore igjennom nødvendig teoriprøver og samlingar sånn at dei no er klare for å lede mange hundre kampar på Sunnmørsk jord. Aldri før har Brattvåg IL hatt så mange godt skulerte dommarar som i år.

Fredrik Løken (dommar i 3.divisjon), Bjarte Steinsbu (dommar i 4.divisjon), Oddbjørn Hatlehol (dommar i 5.divisjon) og Marte Arntsen (fersk kretsdommar) er alle kretsdommarar.

Adrian Bjørlykke, Marcus Grytten, Markus Sønderland Hurlen, Saravin Sadasaralingam, Sander Stafseth Otterlei, Olivia Valde, Sophie Seth og Martina Grytten er rekrutteringsdommarar, og kan dømme alle alderstrinn frå 13 år og oppover (7er, 9er og 11er).

Sander Løken Tharaldsen er, forløbig, einaste Elite-klubbdommaren vi har. Dvs han er vurdert god nok til å dømme 13 og 14-åringane sine 7ar kampar.

I tillegg til desse så har 31 stk tatt klubbdommarkurs, kor eg forventar at minst halvparten kjem til å ver aktive igjennom heile sesongen for klubbens 6-12-årslag.

Sosiale media

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos