Siste seriekamp før fotballpause
Siste seriekamp før fotballpause

Siste seriekamp før fotballpause


Laurdag kl. 1400 spelar herrelaget heimekamp, motstander er tabellfirer Kjelsås

Det nærmer seg ferie for herrelaget, men først ein viktig kamp på heimebane mot Kjelsås. Eit lag som har overraska mange og som står med 19 poeng. Kjelsås har vist seg som ei tøff nøtt å knekke og har kun tapt ein kamp så langt i årets sesong. Så det er ein god motstander som står på motsatt banehalvdel laurdag.

Brattvåg har vist at dei kan slå kven som helst og vonleg kan den dårlege heimestatistikken snu laurdag, det hadde smakt godt å gå til ferie med tre poeng mot eit av topplaga, og det akter laga å gjer. Rapportane fortel om ei god treningsveke og det er godt humør i gruppa. Dagens kampgjennomgang vitna om nettopp dette. Det gjeld å gjenskape dei gode opplevingane frå førre helg når laga overbevisande slo Fløy på bortebane heile 5-1. Og det vil vel ikkje overraske om laget liknar på same ellevar som starta mot Fløy. Men trenarduoen Karl Oskar og Rune held som vanleg korta tett til brystet når dei blir spurt. Karl Oskar meina fleire har vist på trening at dei vil inn i ellevaren. Så får vi sjå kven dei enda på når laget skal offentleggjerast dei vanleg 75 minutta før kampstart.

Det blir uansett kven dei velje, elleve gode spelarar frå start og sju mann på benken som alle er klar for kamp.


Vel møtt!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos