Rosenborg i 3. runde, på Brattvåg Stadion.
Rosenborg i 3. runde, på Brattvåg Stadion.

Rosenborg i 3. runde, på Brattvåg Stadion.


Onsdag 9. mai tar vi i mot Rosenborg i 3. runde i NM.

Onsdag tar vi mot storlaget Rosenborg til 3. runde NM, Rosenborg er eit lag vi aldri har møtt i teljande kamp tidlegare, så det er eit nytt lag vi skal stifte bekjentskap med onsdag. Rosenborg spelte laurdag uavgjort heime på Lerkendal i lokaloppgjeret mot Ranheim, medan Brattvåg sin seriekamp mot Egersund diverre vart utsatt som følgje av Widerøe si flykansellering.

Rosenborg har vunne den norske cupen heile elleve ganger, sist i 2016 då dei slo Brattvåg sine overmenn frå 4. runde, Kongsvinger 4-0. Så det er Noregs nest mestvinnande lag i NM etter Odd vi møter, det er også laget som har vunne Eliteserien flest gangar. Så det er ikkje tvil om at det er ei tøff nøtt vi skal bryne oss mot onsdag.

Brattvåg har Mirza Mujcic tilbake etter skade, i tillegg er Adnan Dudic tilbake frå handbrote han fikk tidlegare i vår. Som vanleg held trenarduoen Rune og Karl Oskar korta tett til brystet, så vi må som vanleg vente til kampdag med å få både troppen og laget.

Dagens kampsponsor er Brattvåg Vassverk.

Dagens Matchball er gitt av Oskar Sylte.

Praktisk informasjon:

Kampstart 1800.

Det blir ikkje førhandssal til kampen onsdag, billetten får du kjøpt på stadion. Vi opnar for billettsal frå 1600.

Kiosk:
Det blir sal av pølse/hamburger og chips i tillegg til anna vanleg kioskvarer.

Toalett:
Det står toalett bak hovudtribuna. Treng du tilgang til handicap toalett så finn du dette i hovudetasjen på klubbhuset.

Kjem du med båt? Då er det mogleg med gjesteparkering på Brattvåg Småbåthamn, derfrå og opp til stadion er det omtrent 30 minutt å gå, du kan også legge til ved Samfjordgårdane, då er det omtrent 20 minutts gange.

I frå sentrum og opp til stadion tar det ca 10 - 15 minutt å gå.

Næraste parkering til Brattvåg Stadion er Brattvåg Ungdomsskule, Haram Vidaregåande Skule og ved Brattvåghallen. Vi anbefaler også å bruke parkering ved gamle sjukeheimen, Brattvåg Barneskule og elles i sentrum for dei som er tidleg ute, vi ber også om at dykk som bur i Brattvåg går til kamp denne dagen, då vi forventar at det blir mykje bilar denne dagen.


Billettprisar Brattvåg Stadion, serie og cup:

Seriekampar Cupkampar

Vaksen

150,- 150,-
Honnør 150,- 150,-

Barn under 16år

Barn under 10år

50,-

Gratis

50,-

Gratis

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos