Nardo ventar borte, laurdag kl. 1600
Nardo ventar borte, laurdag kl. 1600

Nardo ventar borte, laurdag kl. 1600


Sommaren er over for herrelaget, fredag reiser dei til Trondheim for å møte Nardo.

Det er mest sommerferie i heile fotball Noreg, men i 2. divisjon startar det opp igjen laurdag. Brattvåg sett seg i bussen etter trening i morgon og reiser til Trondheim. Etter kampen måndag mot Aalesund har laget trena godt denne veka.

Vi var innom på dagens økt og vi ser eit lag i godt humør, ferien ser ut til å ha gjort godt. Dessverre kjem helgas kamp litt for tidleg for Simon og Torbjørn. Simon har sett seg ut neste heimekamp som sin retur, medan vi er litt meir usikker på skaden til Torbjørn. Særs gledelig var det å sjå Eirik tilbake på treningsfeltet, men for han er nok ein retur på bana litt lenger framme i tid. Hugues har heller ikkje fått trent siste veka, men vonleg er han med på morgondagens trening og då også med i bussen nordover i morgon.

Vi har møtt Nardo en gang tidlegare i år, då i ein treningskamp, der begge lag stilte litt redusert, då var det ein jamnspelt kamp. Vi håpe at du legg turen til Trondheim i helga, vi sett enorm pris på den støtta som vi kamp etter kamp får frå sidelinja, også på bortekampar.

Hugs også å melde på dine håpefulle til kommande sesongs Telenor Xtra FFO! Og det er fortsatt ledige plassar på årets Tine Fotballskule.

http://www.brattvag-il.no/om-klubben/tine-fotballs...

http://www.brattvag-il.no/om-klubben/fotballfritid...



Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Påmelding til Telenor Xtra FFO
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Tine Fotballskule
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro