To nye spelarar klare for Brattvåg
To nye spelarar klare for Brattvåg

To nye spelarar klare for Brattvåg


Brattvåg har i dag signert to nye spelarar, begge frå Molde FK. Kristian Strande og Ola Husby skal kle seg i den gule og blå drakta til hausten.

Både Kristian og Ola fyller 20 år til hausten. Kristian har spela for Molde, medan Ola har vore på utlån frå Molde til Levanger i OBOS-ligaen. Begge skal no spele for Brattvåg.

"Vi er godt nøgde med å kome til einigheit med Molde om ein utlånsavtale som strekkjer seg ut sesongen", seier sportssjef Per Gidlund. "Vi er også glade for at Molde vel Brattvåg som eit alternativ for å vidareutvikle Kristian og Ola. Det er nok eit bevis på at vi driv på rett måte."

Gidlund held fram: "Vi får inn to svoltne og godt skulerte spelarar som kjem til å betre konkurransesituasjonen i gruppa endå meir."

Begge vil mønstre på trening når ferien er over måndag 31. juli. Vi ønskjer Ola og Kristian hjarteleg velkomen til Brattvåg!

Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Telenor Xtra FFO
Fotball Speciale
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
BMS
Samfjordkvartalet
Kjøp Idrettsglede, boka om Brattvåg IL
Umbro
Norsk Tipping