Ny keeper klar for Brattvåg sitt herrelag
Ny keeper klar for Brattvåg sitt herrelag

Ny keeper klar for Brattvåg sitt herrelag


Neydson da Silva blir sistemann inn dørene på Brattvåg Stadion i 2017, dermed har vi no keepertrioen klar for herrelaget

Neydson da Silva kjem frå Molde FK, spelaren har denne sesongen vore på utlån i obosligaklubben Elverum. Neydson har erfaring med spel både i Eliteserien og i Obosligaen. Vi har møtt Neydson i fleire kampar, når han har stått i mål for Molde 2 og han har imponert oss ved fleire høve, så det er ein keeper som vi kjenner godt til. Særs kjekt at spelarar i Molde velje Brattvåg når turen går vidare frå Eliterserieklubben. Vi har då to unge og samtidig erfarene keeperar på herrelaget, i Henrik og Neydson. Og samtidig kan vi skrive at vi er einige med ungguten Benjamin Rørhus som også tar ein sesong til i Brattvåg.

Sportssjef Per Gidlund er særs nøgd med å få plass Neydson, slik vi går inn i sesongen med tre keeperar, dette er viktig for kvaliteten på treningane. Per har fulgt Neydson gjennom fleire år og når vi no måtte ha inn ein erstatter for Per Espen Thorsen var han tidleg i dialog med Molde. Per er også opptatt av å rose samarbeidet med Molde også i denne overgangen.

Dermed er vi fulltalig på keeperplass når treningane startar opp igjen 4. januar.

Vi vil også takke Per Espen Thorsen for fantastisk flott innsats i mål for herrelaget dei siste sesongane. Per Espen har gjort ein framifrå god jobb for dei gulblå dei siste sesongane. Lukke til vidare.


Foto: rbnett.no


Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Påmelding til Telenor Xtra FFO
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Tine Fotballskule
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro