Keepernytt i Brattvåg IL. Pedro Calisto held fram som keepertrenar.
Keepernytt i Brattvåg IL. Pedro Calisto held fram som keepertrenar.

Keepernytt i Brattvåg IL. Pedro Calisto held fram som keepertrenar.


Det er med stor glede at vi kan bekrefte at Pedro Calisto held fram som keepertrenar for Brattvåg også i 2018.

Pedro Calisto med fortid i blant anna portugisisk fotball har vore herrelaget sin keepertrenar dei siste tre åra. Her har han hjulpet våre keeperar med å ta store steg i si utvikling og Pedro har mykje av æra for at Brattvåg var laget som slapp inn desidert færrast mål i avd. 4. Med 27 baklengs på 26 kampar kan vi seie oss særs nøgd med måten vi stengte igjen bakover.

Pedro har i tillegg til å trene herrelaget sine tre keeperar også hatt ansvaret for keeperar som har fått kome opp og delta på herrelaget sine treningar. Siste veka har Sander Arntsen frå Brattvåg sitt G16 lag vore oppe og deltatt på keepertreningane. Særs positivt at våre unge keeperar får teste seg blant vår seniorar.

I løpet av vinteren vil vi også køyre eigne keepertreningar for keeperar i breidde, og det er Johan Vestre som har ansvaret for dette. Johan har som Pedro eit stort register når det gjeld keeperøvingar, så dette blir bra.

Vi har også to keepertrenarar frå Brattvåg når vi arrangerer Satellittsamlingar for gutar født 2005 i Nordre region i fotballkretsen, også dette eit suverent tilbod til keeperane i klubbane rundt oss. Her er også Johan Vestre med, det same er herrelagets keeper Henrik Hansen.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos