Brattvåg fortsette jobben med å forsterke herrelaget inn mot 2017 sesongen i regionsligaen, torsdag fikk vi på plass ei ny brikke.
Emil Dahle er nestemann inn for Brattvåg, spelaren kjem frå
HamKam og har signert ei 3,5 års kontrakt med dei gule og blå.
Emil er ein lokal spelar som spelte ungdomsfotball for Molde
før han reiste til Hamar og HamKam, i Hamar var han med å spele HamKam tilbake
i toppen av 1. divisjon før turen gikk til Stabæk. Etter eit år i Stabæk var
han på to utlån i Start og Bryne. Før han i 2016 igjen var tilbake i HamKam og
var eit fast innslag på HamKam.
Emil er midtbanespelar og trivst best i ei offensiv rolle på
bana.
Vi ser fram til å få Emil med i gruppa og ynskjer han og etter
kvart samboar og barn velkomen tilbake til Noregs Vakraste fylke.