Onsdag signerte Brattvåg og Norborg avtalen som gjer at dei to klubbane skal samarbeide i åra som kjem.
Vi er einige med Norborg om å
samarbeide i juniorklassa og også samarbeide rundt laget til Norborg i 5.
divisjon.
Dei to
klubbane har siste månaden jobba med ein avtale og denne veka blei
samarbeidsavtalen godkjent i klubbane sine styre. Det har vore eit godt
samarbeid frå dag en og det var ei gruppe som var godt nøgd med avtalen som dei
la fram til styra.
For
Norborg har det vore Børt Tore Marthinussen, Kristoffer Søviknes og Kristian
Søviknes som har vore i gruppa, medan Per Gidlund, Olav Andre Austbø og Ole
Petter Aarsund har representert Brattvåg. Trioen frå Brattvåg takker Norborg
for godt samarbeid hittil og er klare på at samtalene må fortsette og i lag
skal vi jobbe for at samarbeidet kjem spelarane i dei to klubbane best mogleg
tilgode.
Samarbeidet
betyr at vi i lag skal stille juniorlag, eit lag som skal trene både i
Uggedalen og i Brattvåg, vi skal også spele kampar på begge stadiona.
Trenarkabalen
for laga er ikkje lagt, men begge klubbar skal vere representert med både
trenar og lagleiarar.
Også på
senior skal vi samarbeide, Norborg skal fortsette å trene og spele i Uggedalen,
medan samarbeidet gjer at Brattvåg har ein arena for spelarar i seniortroppen
som ikkje har fått ønska kamptid i 2. divisjon.
Vi ser
fram til at samarbeidet skal starte og første trening for samarbeidslaget på
junior blir i byrjinga av 2018.
På senior
trenar vi kvar for oss.
Foto: Rolf Hansen, Nordre.
Hugs at du får kjøpt fyrverkeri på Brattvåg Stadion i romjula!