Beviset på at VI klarte det!
Beviset på at VI klarte det!

Beviset på at VI klarte det!


Laurdagens siger borte mot Os sende Brattvåg sitt herrelag opp på eit nivå laget aldri har vore på tidlegere.

Når vi skriv VI med store bokstavar i overskrifta så er det ikkje tilfeldig! VI er mange som står bak denne fantastiske prestasjonen. Vi må rette ein stor takk til sponsorar, frivillige, støtteapparat, publikum, trenarar og sjølvsagt laget som sto i mot presset og leverte oss opprykket på den mest spanande måten!

For det satt langt inne på laurdag, for etter 80 minutts spel var det Lysekloster som leia an i kampen om opprykk. Men etter 81 minutt spel så snudde alt, Torbjørn Grytten sendte Brattvåg opp i leiinga 0-1 mot eit Os lag som gav oss reell motstand og som gjorde jobben ekstremt vanskeleg for oss. Dei hadde behaldt plassen med uavgjort og spelte klokt. Når vi gikk opp i 0-1 så var dei fortsatt på trygg grunn og prøvde sjølvsagt å ri inn 0-1, for med eit Brattvåg mål til så hadde dei vore på nedrykk. Det såg lenge bra ut, men fem minutt på overtid i Haugesund så fikk Stord sitt femte mål som gjorde at Os rykte ned. Skuffande for Os at Haugesund slepp inn eit så viktig mål på overtid. Målet i Haugesund gjorde at Os kasta alle mann i angrep siste minutta, men eit heroisk Brattvåglag klarte å mure igjen bakover og fikk den nødvendige sigeren som gjorde at vi rykka opp med minst mogleg margin, nemleg på målforskjell.

Vi må skrive meir om våre støttespelarar, vi har sponsorar som elskar Brattvåg, som elskar fotballaget og som strekke seg langt for at vi skal klare måla som vi sett oss. Uten desse hadde arbeidsvilkåra vore vanskeleg for eit lag i ei bygd med rundt 2500 innbyggjarar. Ei bygd som no har eit lag i 2. divisjon og dermed er blant dei 60 beste laga i Noreg. Solid.

Vi har frivillige som kvar dag legg ned ein solid innsats for heile klubben, vi har frivillige som legg ned ein solid innsats for herrelaget, som kvar dag hjelpe oss å bli betre. Arrangerer gode kamparrangement som gjer at spelarar, dommarar og publikum får ei flott ramme rundt kampane.

Innsatsen til dei frivillige har i lag med sportsleg suksess lagt til rette for at vi er det laget i avdeling fire med høgast publikumssnitt, med 289 tilskodarar. En stor takk til alle som har vore med og heia på oss. Vi har fått ein eigen supportergjeng, namnet er vel ikkje klart, men det blir det nok i løpet av vinteren. Desse har lova å bli med vidare og det gleder oss! Til sesongens siste kamp var det rundt 150 oppmøtte Brattvågsupportarar. At desse tar turen heilt til Bergen er nærmast unikt og gir oss eit enormt løft. Mykje supportarar har det faktisk vore på alle vore kampar borte, så det vi tar av oss hatten for engasjementet.

Vi har frivillige som er med på feltet og saman med trenarar sørgjer for at vi kvar dag kan ha gode treningar. Vi har ansatte i klubben som kvar dag jobbar for at vi skal kunne utvikle oss.

Så vi retter en stor takk til alle saman for ein fantastisk sesong og vonar at alle blir med oss vidare når vi no startar planlegginga for sesongen 2018.

Tusen takk!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos