Trenarduo klar for Brattvåg
Trenarduo klar for Brattvåg

Trenarduo klar for Brattvåg


Brattvåg IL har dei siste vekene lagt ned ein framifrå innsats for å få på plass trenarapparatet til komande sesong. Derfor er det med stor glede at vi i dag kan presentere trenarkabalen for dei komande to sesongane. Karl Oskar Fjørtoft er ansatt som trenar og med seg på laget som trenar har han Rune Ulvestad.

Karl Oskar kjem frå jobben som assistenttrenar i Hødd og Aalesunds FK, han har også vore trenar for Fortuna i første divisjon for kvinner. Han tiltrer i rolla som hovudtrenar for Brattvåg sitt herrelag 01.12.16. Og er klar for å starte på oppgåva med å forberede laget for komande sesong. Karl Oskar som vaks opp med fotballspeling på Fjørtofta har vore innom ei rekke toppklubbar i Norden. Første steg på karrieren var når han i 1995 gikk til Hødd. Hødd som den gang var på øverste nivå i norsk fotball, derifra gikk turen til Rosenborg, så videre til Molde. Både i Rosenborg og Molde fikk han oppleve Champions League fotball før ferden videre gikk til svenske Hammarby. I 2005 vendte han snuten heim mot Sunnmøre og avslutta ei stor spelarkarriere i Aalesunds FK.

Rune Ulvestad er ein enda meir lokal mann enn Karl Oskar. Rune vaks opp i Brattvåg på 60 og 70 talet og spelte for våre barne og ungdomslag og rakk så vidt å debutere på seniornivå før han blei henta til Molde. I Molde var Rune toppscorar i kvar av dei åtte sesongane, og utmerka seg som ein av Noregs beste teknikarar der han styrte Molde si midtbane. I likheit med Karl Oskar avslutta Rune si spelarkarriere i Aalesunds FK. Rune har i tillegg til å lagt bak seg mange gode sesongar i toppfotballen også fått fire sonar som alle har gjort seg bemerka innanfor fotballen. Rune har vore spelarutviklar, og han har også vore trenar for Herd, der han tok laget frå 5. divisjon til 2. divisjon.

Rune byrjar i stillinga som trenar ved årsskifte.

Både Bygdebladet og Sunnmørsposten har meir om trenaransettelsen i sine papiraviser.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos