Michael Karlsen klar for Brattvåg
Michael Karlsen klar for Brattvåg

Michael Karlsen klar for Brattvåg


Michael Karlsen signerte i dag ein avtale med Brattvåg som binde han til klubben ut 2016. Les meir om den spanande overgangen

Brattvåg har i dag sikra seg underskrifta til Michael Karlsen, 26 åringen frå Trøndelag har dei to siste sesongane spela for Hødd. Han har også tidligare ei periode bak seg hos dei blåkledde på Søre. Han har også våre innom klubbar som Ranheim og Rosenborg.

Seinast tysdag spela han for Hødd når dei slo topplaget i Obosligaen, Kristiansund BK 1-0 på Nye Høddvoll. Det vart også Michael sin siste kamp for Hødd. Michael har meldt permanent overgang og det dreiar seg ikkje om nokon låneavtale.

Dette er sjølvsagt ein overgang klubben er særs godt nøgd med å få på plass, og vi jobbar med å få han speleklar til måndagens kamp mot Rosenborg 2, noko som bør gå greitt. Michael er ein spelartype vi har leita etter ei stund no, spelarar av Karlsen sitt kaliber veks ikkje på tre, seier trenar Gidlund i ein kommentar til webredaksjonen.

Michael snakka varmt om tida i Hødd og har mange gode vennar og godt sosialt nettverk i området. No ser han fram til å vere med å bidra til at Brattvåg skal nå målsetninga om å etablere seg i PostNordligaen.

Vi tok oss ein prat med Brann-trener Lars Arne Nilsen. Nilsen var mannen som i si tid henta Michael til Hødd. Han var full av lovord om 26 åringen. "Stor sterk, klok spiller. Gode basisferdigheter og en veldig god avslutter. Trivelig gutt som skaper god stemning i garderoben. God signering!!!"


Vi ynskjer Michael velkomen til klubben.

På bildet ser vi trenar Gidlund og Karlsen etter at signeringa var eit faktum.

"

Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Påmelding til Telenor Xtra FFO
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Tine Fotballskule
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro