Kongsvinger - Brattvåg
Kongsvinger - Brattvåg

Kongsvinger - Brattvåg


Brattvåg har skrevet mykje historie siste året, no har vi sjansen til å skrive eit nytt kapittel. Onsdag er vi for første gang i 4. runde NM, motstander er Kongsvinger, laget som har vore heile fire ganger i semifinalen i NM, riktignok må ein tilbake til 90 tallet for sist dei kom seg så langt. Det er ikkje tvil i at vi møte ein klubb med sterke tradisjonar.

Det er eit Brattvåg lag i flytsona som onsdag reiser til Gjemselund, sjølv med tap sist heimekamp så må det seiast at årets sesong har starta veldig bra. Ei fokusert spelargruppe er på ny klar for NM kamp, rosina i pølsa for alle fotballspelarar i Norge. Noregsmesterskapet har ein voldsom status i Noreg og vi er med når det kun er 16 lag igjen.

På vegen til 4. runde har Brattvåg slått ut Florø, Hødd og Aalesund. Kongsvinger på sin side har møtt Flisa, Elverum og Strømmen. Begge lag har trengt straffesparkkonkurranse for å ta seg vidare.

Vi veit at mange Brattvågsupportere har planlagt å ta turen, dette sett klubben stor pris på og vil prøve å få samla alle på same feltet på Gjemselund. Det er meldt 14 grader og sol til kampstart, så alt ligg til rette for ein fin opplevelse.

For dei som ikkje har mulighet til å ta turen så blir kampen vist i kinosalen på ID-huset. Gratis inngang og god stemning, dørene der opnar 18.00

Ein av våre samarbeidspartnarar Samfjordkvartalet melder at dei kjører cupbomber med gode priser heile onsdagen.

http://samfjordkvartalet.no/


Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos