I år vart sommarferien for fleire av ungdomslaga avslutta med Fåberg Cup, trenarane til G14 oppsummerer cupen slik.
Brattvåg
IL har god tradisjon med å sende lag til Faaberg-cup i august kvart år. I år
reiste 6 lag nedover, og avslutta skuleferien med ei aktiv fotballhelg. Alle
lag spelte 5 kamper kvar, og i tillegg til mange gode sportslige resultat, stod
det sosiale sentralt. Det eldste laget, G14, stilte med heile 24 spillere og 2
lag. Gjengen bodde i ei giganthytte på Hafjell, med mykje moro og antagelig
ikkje all verden med søvn. Det eine laget gjekk likevel heilt til finalen i
B-sluttspelet, og her er dei avbilda når dei mottok seierspremien etter å ha
slått Lillehammer på minst mulig margin. Etter ekstraomganger i finalen stod
det 3-3, og da er cornere avgjørende. Her vant BIL-gutta 4-1. En fin revansj
ettersom det andre G14-laget tapte mot nettopp Lillehammer på myntkast
tidligere i sluttspelet.