Siger på bortebane!
Siger på bortebane!

Fløy 1 - 5 Brattvåg


Endeleg siger igjen, og det ein storsiger på bortebane mot Fløy.

Første omgang

Etter ei rekke kampar der laget har kome dårleg i gang var det eit heiltent Brattvåg lag som stod klare når dommar Håversen blåste i gang første omgang på Flekkerøy. Brattvåg var med frå første spark på ballen og demma godt opp innledningsvis. Fleire gode involveringar i starten, spelarar som gikk i krigen. Ola sitt gulekort allereie etter fire minutt viste at det ikkje var aktuelt å sleppe Fløy inn i kampen. Og i staden for å hamne tidleg bakpå var det Brattvåg ved Willy Zamble som opna målprotokollen, med ei flott scoring etter ti minutt. Ei leiing Brattvåg holdt omgangen ut.

Andre omgang

Andre omgang starta dessverre ikkje lika bra som første og allereie fem minutt ut i andre omgang pressa Fløy fram eit sjølvmål og vi var like langt. Men bortelaget fortsatte same presset og intensiteten som i første omgang. Og vi fikk betalt for dette, når det er spelt 75 minutt og Håkon sender Brattvåg i føringa etter at Thomas sett han opp på seksten meter. Ei flott avslutning ute i hjørnet.

Det går ikkje mange minutta før Sondre legg på til 1-3, etter eit fint innspel frå Daniel bruker Sondre eit touch for å legge ballen til rette før han lobber over keeper. Så er det spelt 80 minutt når Thomas spelar fri Sondre på kant, Sondre legg inn til Håkon som enkelt aukar til 1-4. Dei to frå Skodje gjer ein fantastisk kamp og etter 86 minutt fastsett Sondre resultatet til 1-5 med ei langskot frå kanten og i lengste hjørnet.

No venter ein kamp før vi tar ferie, laurdag tar vi i mot Kjelsås på Brattvåg Stadion.

Stadion

Arkicon Arena


Tilskodarar

150


Tidspunkt

13:30, 17. juni 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Jon Håversen
  • Assistentdommar 1: Bjørnar Bjørnstad
  • Assistentdommar 2: Rune Akselsen

Mål
  • 0-1, Willy Zamble (10 min)
  • 1-1, Sjølvmål (50 min)
  • 1-2, Håkon Leine (75 min)
  • 1-3, Sondre Beite (79 min)
  • 1-4, Håkon Leine (81 min)
  • 1-5, Sondre Beite (86 min)

Kort
  • Ola Husby - Brattvåg (4 min)
  • Daniel Stensøe - Brattvåg (9 min)
  • Scott Fellows - Brattvåg (73 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos