Andre omgang
Det er ein heilt anna glød og tempo i andre omgang. Heimelaget går villig vekk i angrep etter angrep, anført av banens gigant Simon Tomren produserer heimelaget fleire stor sjansar. Når 50 minutt er spelt så får innbyttar Niklas Rekdal ballen inne i feltet og skrur den i lengste kryss. Flott avslutning og heimelaget er igjen i føringa.
Etter 70 minutt får Simon ballen, han gjer forarbeidet på fantastisk vis, så Håkon Leine får ein enkel jobb med å auke til 3-1, og berre fire minutt seinare er det Torbjørn Grytten som gjer forarbeidet og igjen er det Håkon som får æra av å sette ballen i ope mål, dermed står det 4-1, noko som også blir sluttresultatet.
Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til Simon Tomren.
Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Sondre Beite.
No ventar bortekamp mot Bryne førstkomande laurdag. Vi gleda oss til å ta turen til Jæren.
Bildet av headingen er tatt av Toril Dønheim, tusen takk. I lenka under finn dykk fleire bilder frå kampen.
http://www.brattvag-il.no/nyheiter/2018/bilder-fra...