Siger over Vard
Siger over Vard

Brattvåg 2 - 1 Vard Haugesund


Viktig siger på heimebane då eit mål etter corner på overtid for Brattvåg var det som skilde laga.

Første omgang

Eit ufyseleg ver og massiv motvind for heimelaget i første omgang gjor at vi skal vere nøgd med at laga gikk til pause med 0-0.

Brattvåg var defensivt gode i første omgang og Vard kom ikkje til mange sjansane, offensivt var heimelaget forsiktige og då er det greitt med uavgjort.

Andre omgang

Om første omgang var kjedeleg, så var andre omgang eit fyrverkeri. I perioder var det veldig bra. På kantane var Niklas og Patrik konstant i bevegelse og skapte mykje.

Sjølv om det var heimelaget som var best i første, var det Vard som fikk kampens første mål, etter at ein Vard spelar skaut ballen i handa på Scott og dermed ga dommaren moglegheit til å dømme straffe. Ei straffe som Ulland Andersen satt i mål etter 51 minutt.

Etter 60 minutt får Brattvåg frispark, eit frispark som Sondre Beite på utsøkt vis skrudde over muren og i mål. Etter dette var det jamt press frå Brattvåg, med nokre skumle kontringsmoglegheiter for Vard. Då dei fleste trudde at det skulle ende med 1-1 fikk Brattvåg corner. Ein perfekt slått corner frå Patrik som Håkon stussa videre i lengste hjørnet!

Fantastisk start på haustsesongen for Brattvåg, med 6 poeng av 6 moglege, no ventar KFUM på bortebane førstkomande laurdag.

Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til Patrik Hjelmseth.
Njoy prisen for beste enkeltsmannsprestasjon gikk til Sondre Beite.


Hugs å melde deg på Tine Fotballskule!


Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

226


Tidspunkt

13:00, 5. aug. 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Ali Al Hatam
  • Assistentdommar 1: Martin Javier Solheim
  • Assistentdommar 2: Torgeir Halsen

Mål
  • 0-1, Andreas Ulland Andersen (51 min)
  • 1-1, Sondre Beite (60 min)
  • 2-1, Håkon Leine (90 min)

Kort
  • Oddbjørn Skartun - Vard Haugesund (20 min)
  • Niklas Rekdal - Brattvåg (75 min)
  • Tom Undheim - Vard Haugesund (78 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos