SIGER 2-1!
SIGER 2-1!

Brattvåg 2 - 1 Vålerenga 2


Dette var kampen som hadde alt! Tre mål, to av desse frå Brattvåg, straffe, strafferedning og kort i alle farger.

Første omgang

Det er VIF som kjem best i gang på stadion denne dagen, og vi skal vere glad at Neydson var i det umulige hjørnet, for vi skal vere så ærlig å sei at det fort kunne stått 0-1 tidleg, men det er lov med gode keeperar, og det hadde vi i dag. Utover i omgangen kjem vi meir med i kampen og kjem oss til pause med 0-0.

Andre omgang

Vi kjem ut i andre omgang litt meir offensiv mot eit særs godt VIF 2 lag, og når Sondre fyre av på volley frå nesten 30 meter og keeper ikkje får slått ballen langt nok ut så står det 1-0 etter 52 minutt. God start på omgangen, men kampen er langt frå over, det er høgt tempo og to lag som ynskjer å spele god fotball. Tre minutt etter at Brattvåg går opp i leiinga får Vålerenga straffe, ei straffe som Neydson reddar mesterleg. Heimelaget står høgt og gir VIF lite tid, akkurat det utnyttar vi etter 66 minutt. Vi vinn ballen langt inne på deira banehalvdel, har nokre fine kombinasjonar og Simon sett opp Emil som skyt via ein spelar og i mål.

Etter målet roar det seg litt, men det bølger fortsatt og etter 82 minutt får VIF reduseringa si som dei har jakta når Abdisalam sett inn reduseringa etter eit innlegg frå venstre.

Det er høg temperatur mot slutten, og på overtid får Enar Jaager direkte raudt etter nokre gloser mot dommaren, som ikkje egnar seg på trykk.

Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til Scott Fellows
Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Neydson da Silva.

Sjå bilder frå kampen her: http://www.brattvag-il.no/nyheiter/2018/bilder-fra...

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

274


Tidspunkt

18:00, 20. aug. 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Andre Arnholt
  • Assistentdommar 1: Torgeir Halsen
  • Assistentdommar 2: Abbas Tamimi

Mål
  • 1-0, Sondre Beite (52 min)
  • 2-0, Emil Dahle (66 min)
  • 2-1, Ibrahim Abdisalam (82 min)

Kort
  • Leo Cornic - Vålerenga 2 (66 min)
  • Ola Husby - Brattvåg (71 min)
  • Enar Jaager - Vålerenga 2 (90 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos