Siger!
Siger!

Brattvåg 3 - 0 Stjørdals Blink


Endelig kom den etterlengta heimesigeren, og det i eit fyrverkeri av ein fotballkamp!

Første omgang

I strålande ver stråla heimelaget om kapp med sola i innledninga. Allereie før minuttet var spelt hadde vi ein ball i tverrliggaren, så fulgte vi opp med ein ny stor sjanse nokre minutt seinare. Det såg ut til å gi heimelaget den tryggleiken som dei trengte. Fleire gode innlegg frå kant, enorm løpsvilje i varmen. Det viste seg å vere ei god oppskrift, innlegg frå Patrik til Torbjørn som heada ballen utakbart i mål etter 18 minutt. Ein flott prestasjon av dei begge og dermed gikk vi til pause med 1-0 leiing.

Eit anna høgdepunkt denne omgangen var at Simon Tomren var tilbake på bana, etter eit 16 månaders langt skademareritt var han endeleg tilbake, og Simon spela godt i sin første kamp, han har ein veg å gå når det gjeld matchform, men glimtvis såg vi den gode gamle Simon.

Andre omgang

Andre omgang starta like godt som den første, men målet kom tidlegare denne omgangen, etter 49 header Mirza ein corner frå Sondre kontant i mål! Eit viktig mål, no blei det vanskeleg for Blink å flytte beina og finne motivasjon i varmen. Kampen bølga litt når vi hadde spela 60 minutt, begge lag såg ut til å slite med varmen og i den innlagte drikkepausen etter 68 minutt gjor vi eit byte når Adnan kom inn for Simon. Eit grep som gjor at vi fikk ned tempoet i kampen, og kunne kontrollere det inn. Etter 89 minutt stikk Adnan på løp i bakrom, aleine med keeper blir han felt av ein forsvarspelar som kjem bakfrå, gult kort og straffe. Torbjørn som fast straffeskyttar sett denne i mål og fastsett dermed sluttresultatet til 3-0.

No er vi halvvegs i årets sesong og komande søndag ventar Vard Haugesund, også denne på heimebane.

Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til to-målsscorar Torbjørn Grytten.
Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Mirza Mujcic.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

211


Tidspunkt

16:00, 28. juli 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Mathias Kringstad
  • Assistentdommar 1: Henrik Sunde
  • Assistentdommar 2: Haakon Javier Tronstad

Mål
  • 1-0, Torbjørn Grytten (18 min)
  • 2-0, Mirza Mujcic (49 min)
  • 3-0, Torbjørn Grytten (89 min)

Kort
  • Adnan Dudic - Brattvåg (80 min)
  • Mirza Mujcic - Brattvåg (88 min)
  • Ole Kristian Rødahl - Stjørdals Blink (89 min)
  • Håkon Leine - Brattvåg (90 min)
Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Påmelding til Telenor Xtra FFO
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Tine Fotballskule
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro