Brattvåg 1 - 0 Skeid


Den dårlege perioda for herrelaget utvida med eit nytt tap, denne gang var det serieleder Skeid som vart for sterke og reiste heime med tre poeng.

Første omgang

Brattvåg får ein verst mogleg start etter slurv i bakre rekker, Skeid utnytter feilen og Mesut Can får straffe når han legg seg i ein duell med keeper Hansen i Brattvåg målet. Ein tung start allereie etter eit minutt og banens gigant David Tavakoli er sikker når han sett inn straffa til 0-1. Det er same Tavakoli som er frampå og sett inn 0-2 åtte minutt seinare, før Henning Andresen nærmast sett spikaren i kista etter tjuefire minutt når han sett inn 0-3.

Brattvåg er meir med etter dette, noko som nok kjem som ei følgje av at Skeid er nøgd med tre mål, og gjerne vil gå inn til pause med ei trygg leiing, men som følgje av at vi kjem meir med i kampen så kjem også reduseringsmålet fire minutt før pause, Patrik Hjelmseth legg inn ballen føre mål og ein umarkert Håkon Leine skyt ballen i mål frå åtte meter. Dermed går vi i garderoba med fornya tru på det.

Andre omgang

Brattvåg kjem ut til andre omgang med eit håp om å fortsette der det slapp i første, men det vil seg ikkje for heimelaget og når David Tavakoli timer løpet sitt perfekt når ballen kjem frå eigen stopper er han aleine gjennom og sett ballen i mål bak ein sjanselaus Henrik Hansen i Brattvåg målet til 1-4. Då har nok dei mest positive på stadion også gitt opp, og kampen dett i tempo og kvalitet. Mesut Can får æra av å bli matchvinnar når han sett inn 1-5 nokre minutt før slutt.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

310


Tidspunkt

16:30, 10. juni 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Sebastian Mikalsen
  • Assistentdommar 1: Johannes Remøy
  • Assistentdommar 2: Abbas Tamimi

Mål
  • 0-1, David Tavakoli (2 min)
  • 0-2, David Tavakoli (9 min)
  • 0-3, Henning Andersen (24 min)
  • 1-3, Håkon Leine (41 min)
  • 1-4, David Tavakoli (59 min)
  • 1-5, Mesut Can (86 min)

Kort
  • Håkon Leine - Brattvåg (31 min)
  • Willy Zamble - Brattvåg (70 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos