Tilbake på vinnersporet med 5-1 siger over AaFK 2
Tilbake på vinnersporet med 5-1 siger over AaFK 2

Brattvåg 5 - 1 Aalesunds FK 2


Brattvåg slo brutalt tilbake med en solid 5-1 siger over AaFK2. Etter to tap på rad var det viktig å kome tilbake og sigeren over AaFK smakte godt.

Første omgang

Brattvåg scorer to mål i første omgang, men i forhold til ballinnehav så burde vi kanskje fått meir ut av første omgang. Det starter bra, og allereie etter ti minutt stanger Ygg oss i leiinga med eit kontant hodestøt på corneren frå Thomas.

Brattvåg fortsette å køyre kampen og har fleire fine kombinasjoner og fleire halvsjansar, men det er AaFK som får utligna på corner etter 35 minutt, når Oddbjørn Lie kjem seg fri i feltet og får heada utagbart for Thorsen i Brattvågmålet. Det såg ut som vi skulle gå til pause med 1-1, men etter 43 minutt kjem Torbjørn seg fri og får skutt. Eit fantastisk mål, limt oppe i vinkelen. Dermed ei fortjent leiing inn til pause.

Andre omgang

Vi dominerer kanskje ikkje like mykje i andre omgang, men er desto meir effektiv. Etter tolv minutt av andre omgang kjem Niklas seg inn frå kant, fintar seg forbi to mann og får lagt inn til Torbjørn som taklar ballen i mål. Vi fortsette trykket og får betalt ti minutter seinare når Scott finn Sondre med ei genial pasning, og frå litt spiss vinkel er Sondre sikker som banken og auker til 4-1.

Tjue minutt før slutt fastsett Thomas resultatet til 5-1 når han enkelt sett ballen i mål frå ti meter. Enda en gang flott Brattvåg fotball.


Neste veke venter Vika i Spjelkavika, vi gledar oss! Det håpe vi også du gjer!


Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

360


Tidspunkt

14:00, 2. sep. 2017


Dommarar
  • Hoveddommar: Kristian Melset
  • Assistentdommar 1: Haakon Javier Tronstad
  • Assistentdommar 2: Martin Javier Solheim

Mål
  • 1-0, Hugues Wembangomo (10 min)
  • 1-1, Oddbjørn Lie (35 min)
  • 2-1, Torbjørn Grytten (43 min)
  • 3-1, Torbjørn Grytten (57 min)
  • 4-1, Sondre Beite (66 min)
  • 5-1, Thomas Martinussen (70 min)

Kort
  • Emil Solnørdal - Aalesunds FK (65 min)
  • Kristian Strande - Brattvåg (81 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos