Andre omgang
Andre omgang starta enda betre enn den første, allereie i det 48. minuttet satte Daniel Stensøe inn 3-0, også denne gang etter klikk-klakk fotball inne i Herd sin 16 meter. Daniel var også sist på ballen når vi la på til 4-0 etter 55 min. Etter dette så kjem Brattvåg til fleire gode muligheter, men det skal gå 85 minutt før vi får kampens siste Brattvåg mål. Didrik kjem rett frå innbyttarbenken og blir spelt gjennom, han tar seg tid til å dempe før han klinkar ballen i mål.
På overtid får Herd straffe etter at Thorsen i Brattvågmålet må gi ein retur på eit frispark, i kamp om returen ender det med at Herd sin spelar får ein fot på ballen samtidig med at Thorsen også får tak i ballen, Herd spelaren endar opp med å falle og dommaren peikar på straffemerket. Andreas Rekdal er sikker på straffa og reduserer til 5-1, noko som også vart sluttresultatet.
Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk i dag til Emmanuel Adeyeye, Emmanuel fikk også N`joy prisen for beste enkeltmannsprestasjon.
Tusen takk for oppmøte, spesielt kjekt var det at russen gjesta stadion og laga litt ekstra liv på tribuna.
Foto: Rolf Hansen