Solid 3-1 siger på heimebane!
Solid 3-1 siger på heimebane!

Brattvåg 3 - 1 Os


Det var to gode lag som ønska å spele underhaldande fotball som møttest til kamp laurdag. Det ga 2x45 minutt med god fotball.

Første omgang

Os kom best i gang, og allereie etter 7 minutt sendte Christoffer Hafsås Os i leiinga, og vi hadde tur at det ikkje vart meir. Sjølv om Os hadde sine sjansar så hadde det berre gått ti minutt når Daniel Stensøe utlikna etter ein corner. To minutt seinare er det Torbjørn Grytten som får sjansen og han sende Brattvåg i leiinga etter at Emil sett han opp. Torbjørn skyt stang inn frå atten meter.

Dermed går vi til pause med 2-1 leiing.

Andre omgang

Andre omgang blir ikkje det same fyrverkeriet som i første, men det var fleire gode sjansar til begge lag. Mål vart det også i andre, Torbjørn jaga keeper etter eit tilbakespel og får tak i ballen, ballen sende han vidare til Niklas Rekdal som sende oss opp i 3-1 leiing. Niklas vart skada berre nokre minutt seinare når han på eit returløp får eit spark i kneet i det han takler vekk ballen. Ikkje noko stygt frå Os spelaren.

Lufta går litt ut av Os etter dette og vi sikrer inn 3-1 siger.

Vi kan også ta med at heimvendte Magnus Austbø Seth fikk sin debut for heimelaget når han kom inn siste ti minutta.

Både Sparebanken Møre sin bestemannspris og Njoy-prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Torbjørn Grytten.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

204


Tidspunkt

16:00, 8. juli 2017


Dommarar
  • Hoveddommar: Torgeir Halsen
  • Assistentdommar 1: Martin Solheim
  • Assistentdommar 2: Richard Olsen

Mål
  • 0-1, Christoffer Hafsås (7 min)
  • 1-1, Daniel Stensøe (10 min)
  • 1-2, Torbjørn Grytten (12 min)
  • 1-3, Niklas Rekdal (56 min)

Kort
  • Aksel Berget Skjølsvik - Brattvåg (25 min)
  • Alexander Dale - Os (43 min)
  • Torbjørn Grytten - Brattvåg (70 min)
Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Telenor Xtra FFO
Fotball Speciale
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
BMS
Samfjordkvartalet
Kjøp Idrettsglede, boka om Brattvåg IL
Umbro
Norsk Tipping