Festfotball og siger i Bergen
Festfotball og siger i Bergen

Varegg 0 - 4 Brattvåg


Supporterane våre hadde renska strupene og sang opp frå første speleminutt. Dermed låg alt til rette for feststemning. Og det var vi, i fantastiske sommartemperaturar gikk Brattvåg ut i 100. Det ga ein bunnsolid 0-4 siger.

Første omgang

Brattvåg gikk rett i strupen på Varegg, frå første speleminutt, dette resulterte i mål allereie etter fem minutt. Vi får pressa fram ein corner, corneren hamner til slutt hos Torbjørn som klinkar ballen i mål. Ei draumeopning for Brattvåg som for anledninga spela i svart. Vi fortsette å presse på, med fleire gode moglegheiter. Etter fjorten minutt så får vi nok ein moglegheit og igjen er Torbjørn sikker når han sett inn 0-2. Vakre kombinasjoner på vår venstreside med CH og Niklas der Niklas finn Torbjørn inne føre mål. Vi fortsette presset og har ballinnehavet ut omgangen og går til pause med ei komfortabel 0-2 leiing.

Andre omgang

Vi får like mange mål også i andre omgang. Tempoet roar seg, men vi skape dei sjansane som kjem i andre omgang, men det er på straffer vi scorar måla. Først etter 57 minutt sett Niklas inn 0-3, medan vi på overtid får nok ei straffe, denne er det Prince som sett i mål. Dermed reiser vi heim frå Bergen med solide 0-4 og 3 poeng i bagasjen.

Komande laurdag tar vi i mot Sotra, laget som før denne runda låg på 3. plass på tabellen, men som enda ikkje har spela sin kamp, som blir spelt måndag.


Så vel møtt til Brattvåg Stadion, laurdag 1400. Vi gler oss, det håpe vi også du gjer.

Stadion

Stemmemyren Stadion


Tilskodarar

150


Tidspunkt

15:30, 23. sep. 2017


Dommarar
  • Hoveddommar: Vebjørn Haugland
  • Assistentdommar 1: Ørjan Strand
  • Assistentdommar 2: Eivind Vikne

Mål
  • 0-1, Torbjørn Grytten (5 min)
  • 0-2, Torbjørn Grytten (13 min)
  • 0-3, Niklas Rekdal (57 min)
  • 0-4, Prince Mambouana (90 min)

Kort
  • Mads Rakner - Varegg (38 min)
  • Sander Pettersen - Varegg (42 min)
  • Kristoffer Valsvik - Varegg (44 min)
Lag Invest
Rolls-Royce
NMK
Vard
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Hatlehols
Telenor Xtra FFO
Fotball Speciale
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
BMS
Samfjordkvartalet
Kjøp Idrettsglede, boka om Brattvåg IL
Umbro
Norsk Tipping