Eit poeng med heim frå Førde
Eit poeng med heim frå Førde

Førde 0 - 0 Brattvåg


Det vart med det eine poenget når herrelaget gjesta Førde laurdag.

Første omgang

Brattvåg kom klart best i gang i kampen på Førde Stadion og hadde fleire store sjanser i innleiinga av kampen, og kunne med litt tur scora tre mål før Førde hadde sin mulighet i første omgang, men heldigvis laga det dårlege underlaget vanskar for Førde sin nr. 20, Myrkaskog. Etter 22 minutt er det Manny som er næra å sette i ballen når han drar av to mann før han skyt og keeper får slått til corner. Berre minutter seinare er alle som trur Aksel skal få straffe når han blir lagt i bakken, men dessverre ser ikkje dommaren det same. Dermed gikk laga til pause på 0-0.

Andre omgang

I andre omgang så jamner spelet seg litt ut, det var særs varmt denne dagen og det bar andre omgang preg av. To store sjanser i starten av andre omgang burde blitt omgjort til mål. Brattvåg gjor tre offensive bytter i andre omgang, men uten at det ga uttelling. Og i sluttminutta kunne Førde ha stjelt med seg alle tre poenga, men heldigvis bomma dei på ein enorm sjanse berre nokre minutt før slutt. Brattvåg hadde kampens siste sjanse, men aleine med keeper sette Didrik ballen til side for mål, det såg ut som ballen traff ei hole i det skuddet blei avfyrt og dermed var det ein centimeters bom.

Så då enda det med poengdeling og vi gjer oss klar til helgas lokaloppgjer mot Herd på Brattvåg Stadion, laurdag 1400.

Stadion

Førde Stadion


Tilskodarar

221


Tidspunkt

13:00, 6. mai 2017


Dommarar
  • Hoveddommar: Vebjørn Haugland
  • Assistentdommar 1: Jacob Søgnen
  • Assistentdommar 2: Per Olav Erikstad

Mål
  • -, ( min)

Kort
  • Håkon Leine - Brattvåg (28 min)
  • Prince Mambouana - Brattvåg (58 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos