Andre omgang
Andre omgang starta langt i frå like bra som første, dermed fikk Tynset eit lite overtak i byrjinga og pressa fram ein corner. Strypet får stå heilt aleine og heade corneren i mål, og redusering 2-1. Fleire vart nok stressa då, skulle sigeren glippe? Neida, Tynset hang med ei stund, men så auka Brattvåg tempo og fikk igjen taket på kampen.
Etter 65 minutt rulla vi fint opp, ballen havna hos Alvestad på kant, han la knallhardt inn føre mål til Karlsen som heada utakbart i mål. 3-1!
Karlsen scora også 4-1 etter eit skot frå 16 meter. Kampens siste mål og komfortabel siger.
Neste veke venter serielederen Elverum, vi gleda oss!
Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til Torbjørn Grytten.
Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Finn Alvestad.