Herlig siger på overtid
Herlig siger på overtid

Molde 2 1 - 2 Brattvåg


Herrelaget møtte Molde 2 på Aker Stadion, det blei ei ekstremt spanande affære! Harmohan Singh vart den store helten når han scora sigersmålet tre minutt på overtid. No blir innspurten av sesongen ein thriller!

Første omgang

Ramma rundt kampen var perfekt, alt låg til rette for ein fantastisk kamp. Sola stråla, bana var vatna og spelarane heiltent på å revansjere det forsmedelege tapet førre helg.

Og det var tydelig at gutta var klar for kamp, for vi brukte ikkje meir enn 32 sekund før scoringa kom. Harry blir spelt fri på kant og er klinisk i avslutninga, en fantastisk start! 0-1!

Dessverre var vi i skyene berre i nokre minutt før Amang gikk i bakken og skaffa heimelaget straffe. Ei straffe som Sander Svendsen sendte i mål, publikum som var på stadion skal få gjer seg opp ei meining om den situasjonen.

Sjølv om det ikkje blei fleire mål i første omgang hadde begge lag fleire gode sjansar til å score, den største hadde Brattvåg, berre minuttet etter 0-1 var Torbjørn farleg frampå, men avslutninga gikk like til side for mål. 1-1 til pause var kanskje fair om ein ser på sjansar og spel?

Andre omgang

At det var nervøs stemning er det liten tvil om, Brattvåg sine supporterar som talde heile 200, fikk 45 minutt med lidelse og spenning i 2. omgang. Brattvåg hadde fleire store sjansar uten å få mål, det skal nemnast at også Molde hadde sine moglegheiter, uten at ballen ville inn. Det skal vi takke ein fantastisk Thorsen i Brattvågmålet for.

Mange hadde nok gitt opp når kampuret hadde stoppa på 90minutt og 13 sekund på Aker Stadion. Overtida gikk mot slutten, Brattvåg hadde ein sjanse til, skulle dei rekke fram? Jaaaa!!! Ei herleg opprulling langs venstrekanten, fint pasnings spel og eit presist innlegg til Harry var det som skulle til. Midt inn føre mål venta Harry som breisida innlegget i mål. Her snakker vi sekund frå ein bitter uavgjort, i staden blei det en av dei deiligste sigrane vi har opplevd på lenge!

Molde rakk å løyse etter målet, men det var også det dei rakk før dommar Grøtta blåste av etter 94 minutt!

Allereie komande laurdag kjem HamKam på besøk, kampstart er 1300 og vi vonar at kommuna mobiliserer og tar turen på kamp. HamKam som kanskje er det beste laget vi har møtt i år og som ga oss tøff motstand på Briskeby, ei gammal storheit som mange nok vil sjå. Vi håper at vi kan fylle tribuna denne dagen. Du er vel møtt! Vi gler oss!

Stadion

Aker Stadion


Tilskodarar

250


Tidspunkt

14:00, 8. okt. 2016


Dommarar
  • Hoveddommar: Marius Hansen Grøtta
  • Assistentdommar 1: Eirik Hyldbakk Furu
  • Assistentdommar 2: Lars Bjørnar Frostad

Mål
  • 0-1, Harmohan Singh (1 min)
  • 1-1, Sander Svendsen (4 min)
  • 1-2, Harmohan Singh (90 min)

Kort
  • Thomas Amang - Molde 2 (67 min)
  • Kristian Strande - Molde 2 (69 min)
  • Prince - Brattvåg (86 min)
  • Erik Rotlid - Molde 2 (89 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos