Niklas Rekdal til Ham-Kam.
Niklas Rekdal til Ham-Kam.

Niklas Rekdal til Ham-Kam.


Vår allsidige spelar Niklas Rekdal har blitt einig med Obos-klubben Hamkam om ei kontrakt på to år. Dette etter eit kort treningsopphald med klubben frå Mjøsa sine breidder.

Niklas Rekdal vart henta til Brattvåg av Karl Oskar Fjørtoft og Per Gidlund før 2017-sesongen. Etter fire sesongar står han med 74 obligatoriske kampar og åtte scoringar i beltet. Han kan også skilte med eit opprykk frå tredje divisjon og tre strake sesongar i PostNord. Såleis har Niklas vore delaktig i den beste perioden i Brattvåg si historie.

I årets sesong vart det berre seks kampar i PostNord på Niklas. Første starten var i nedsablinga heime mot VIF 2 i andre serierunde. Niklas etablerte seg då som klubben sitt førstevalpå venstreback med gode kampar. Dessverre så skada han seg alvorleg i tredje kampen i denne posisjonen, der ein hovudduell enda med rift i ei nyre. Denne skaden holdt Niklas lenge ute og han etablerte seg ikkje på laget igjen etter dette.

Niklas vil gjerne takke for seg etter tida i Brattvåg: - Eg vil takke for fire år og ei tid eg ikkje gløymer både på og utanfor bana. Dette takka vere både klubben og dei som bor i Vågen, seier Niklas.

Brattvåg Fotball vil også takke Niklas for tida her: - Vi vil takke Niklas for tida her og alt han har bidrege med for klubben. Han er ein allsidig spelar som hatar og tape og gir alt i kvar ein duell. Han er også ein omgjengelig kar som gir mykje av seg sjølv utanfor bana. Niklas vil heilt klart etterlate seg eit tomrom i bygda, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei.

Brattvåg Fotball ønskjer Niklas Rekdal lykke til i Hamkam og Obos-ligaen.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos