AVDELINGSOPPSETTET KLART, TRE NYE LAG I 2021 I FORHOLD TIL 2020
AVDELINGSOPPSETTET KLART, TRE NYE LAG I 2021 I FORHOLD TIL 2020

AVDELINGSOPPSETTET KLART, TRE NYE LAG I 2021 I FORHOLD TIL 2020


I kveld vart oppsettet for årets PostNord-avdelingar klare. Det er oppsett som minnar mykje om fjorårets, der vi blant anna skal fire turar til Nord-Noreg.

Slik ser oppsettet for årets sesong ut:

Avdeling 1

Avdeling 2

Kongsvinger
Kvik Halden
Moss
Eidsvold Turn
Vålerenga 2
Asker
Bærum
Alta
Tromsdalen
Senja
Fløya
Hødd
Brattvåg
Florø

Øygarden
Sotra
Vard Haugesund
Egersund
Arendal
Flekkerøy
Odd 2
Notodden
Fram
Kjelsås
Skeid
Nardo
Levanger
Rosenborg 2

Dette syner at i høve 2020 så er Fredrikstad, Skeid og Kjelsås borte. Desse blir erstatta av Kongsvinger, Asker og Bærum. Såleis er det er avdeling som minner mykje om den vi enda på sjette plass i.

Geografisk så har vi fire lag frå Nord-Noreg, sju lag frå Austlandet og Brattvåg, Hødd og Florø frå vest/nordvest. I den andre avdelinga er fordelinga tre lag frå Trøndelag, fem frå Austlandet og fire frå Vestlandet og to frå Sørlandet. Kostnadsmessig er sjølvsagt turane til nord dyre, men det er sjølvsagt også turane til Sørlandet og Stavanger-området. Såleis er det nok det same kva avdeling vi hadde hamna i.

Sportsleg er det også i år ei tøff avdeling. Det er sjølvsagt vanskeleg å spå korleis klubbane står etter eit år med korona. I vår pulje er nok Kongsvinger naturleg favoritt. Hødd, Asker og Alta er nok også lag som ønskjer å kjempe der oppe.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos