VIKTIG OG TØFF BORTEKAMP I VENTE
VIKTIG OG TØFF BORTEKAMP I VENTE

​Kvik Halden – Brattvåg søndag klokka 14:00


Brattvåg sitt herrelag reiste laurdag i retning svenskegrensa for å møte topplaget Kvik Halden søndag. Ein tøff bortekamp i kampen om å kome blant dei sju øvste.

Det er to kampar igjen til alle lag har møtt kvarandre ein gong. Når dei to rundene er over vil avdelinga delast i to. Dei sju beste skal spele om opprykk, medan det utruleg nok ikkje er avgjort kva som vil skje med dei sju svakast plasserte laga. Dette vil forbundet truleg avgjere komande måndag. Uansett vil det vere viktig for alle klubbar å kome topp sju og få spele kampar mot gode motstandarar heile hausten.

Med to rundar igjen er fem lag klare for opprykksspel. Dette er suverene Fredrikstad, Kvik Halden, Alta, Hødd og Skeid. Vi kjempar med VIF 2, Tromsdalen, Kjelsås, Eidsvold Turn og Florø om ein av dei to siste plassane. Med andre ord er to plassar ledig til seks klubbar.

Tøff kamp mot Kvik

I helga er det altså bortekamp mot Kvik Halden som ventar. Kvik har klart å gjenta den gode fjorårssesongen. Då vart det andre plass og kvalifisering til opprykk. Dei ligg også på 2. plass no, åtte poeng bak suverene Fredrikstad. Heime på Halden stadion har det blitt 15 poeng på seks kampar. Kun nabo Fredrikstad har teke med seg poeng heim då dei sigra heile 5-1.

Kvik hadde ein god stall tidlegare i sesongen. Denne har likevel blitt betydeleg styrka i vindauget no i september. Spesielt midtbanespelaren Simon Colina er ein spelar å passe på. Han spelte fast på Sandnes Ulf i Obos-ligaen i fjor, og har nok lyst til å prege kampen i heimedebuten. I tillegg har Kvik fått inn tre spelarar som har gått inn på eit allereie sterkt lag.

Halden stadion er heimebana til Kvik. Dette er ei god grasbane. Likevel er det ikkje kunstgras, som våre er vande med. Dette er einaste graskampen hittil i år og underlaget kan sjølvsagt by på utfordringar.

Alt å vinne

Sjølv om Kvik er favorittar så er det ein offensiv gjeng som har reist til tidlegare Østfold. Målet er sjølvsagt å vinne kampen. Vi har framleis ikkje vore underlegne ein motstandar sidan første omgang i premieren mot Skeid og det er det ikkje nokon grunn til at vi skal vere søndag heller. Vi har tru på spelet vårt og spelar slik vi ønskjer sjølv om det er borte mot ein sterk motstandar.

Vi stiller med ein sterk tropp til kampen. Niklas Rekdal, Simon Tomren og Harmohan Singh er framleis ikkje kampklare. Resten er fit for fight og klare for å jobbe steinhardt for tre poeng søndag. Sjansar kjem vi til å produsere. Klarer vi å omsetje desse i mål så kan det bli allsang på grensa for våre gutar

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos