Brattvåg og Victor Wagner har blitt einig om å avslutte samarbeidet ein halvt år før kontrakta går ut.
Victor kom til Brattvåg i august 2019. Midtstopparen gjekk rett inn på laget og hadde sin debut i 2-1-sigeren mot Hødd. Etter dette har det blitt ytterlegare 15 kampar i gult for den høgreiste dansken.
I år har Victor vore ute av laget dei siste månadane. Og sidan det berre er eit halvt år igjen av kontrakta så har klubb og spelar blitt einige om å avslutte samarbeidet. Victor sette seg i bilen etter treninga i dag og køyrte heimover mot Danmark.
Vi takkar Victor Wagner for innsatsen og ønskjer lykke til vidare.